Blålusern

(Omdirigert frå Lusern)

Blålusern (Medicago sativa) er ei fleirårig urt i erteblomsterfamilien. Det finst seks underartar.[1]

Blålusern
Blålusern
Blålusern
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Erteblomordenen Fabales
Familie: Erteblomfamilien Fabaceae
Underfamilie: Faboideae
Stamme: Trifolieae
Slekt: Medicago
Art: Blålusern M. sativa
Vitskapleg namn
Medicago sativa

Blålusern er også kjend under det engelske namnet alfalfa.[2] Blålusern blir dyrka i stort omfang, særleg i Nord-Amerika, på grunn av nytten som fôr til dyr. I Noreg har ein dyrka blålusern tidlegare, men i dag blir det lite dyrka. Blålusern finst derfor forvilla her og der. Dyrking av blålusern krev djup, god jord med høg pH for å trivast.

Blålusern, og dei fleste artane i erteblomsterfamilien, lever i eit symbiotisk forhold til rhizobiumbakterien som lever på rota og fikserer nitrogen frå lufta (biologisk nitrogenfiksering).

Spirer av blålusern er etande (alfalfaspirer) og har ein nøtteaktig smak.

Kjelder

endre
  1. «Artsdatabankens navneopplysninger». Artsdatabanken. 12. april 2023. Henta 12. april 2023. 
  2. Blålusern Arkivert 12. juli 2022 på Wayback Machine. Den virtuella floran

Bakgrunnsstoff

endre