When I Fall in Love

«When I Fall in Love» er ein popsong skriven av Victor Young (musikk) og Edward Heyman (tekst). Han vart introdusert i filmen One Minute to Zero. Jeri Southern song den første innspelinga, gjeven ut i april 1952, med komponisten Victor Young som arrangør og dirigent. Songen vart ein standard og mange artistar har spelt han inn. Den første hitversjonen vart sungen av Doris Day, frå juli 1952.

Doris Day-innspelinga vart spelt inn 5. juni 1952. Han vart gjeven ut på Columbia Records med B-sida «Take Me in Your Arms». Songen nådde 20. plassen på Billboard-lista.[1]

Ein versjon av Natalie Cole frå 1996, ein «duett» med faren Nat King Cole med vokal frå versjonen hans frå 1956, vann Grammyprisen i 1996 for beste popsamarbeid med vokal og beste instrumentale arrangement med vokal.

Innspelingar endre

  • Ein versjon av Nat King Cole frå 28. desember 1956 vart gjeven ut av Capitol Records på albumet Love Is the Thing. Songen vart òg nytta i filmen Istanbul i 1957. Cole spelte i filmen, der han song songen. Singelen vart gjeve ut i Storbritannia i 1957 og nådde andreplassen på den britiske singellista. Innspelinga vart gjeve ut på ny i 1987 og nådde då fjerdeplassen.
  • Natalie Cole spelte inn to forskjellige versjonar av songen: Den første var ein moderne R&B/smooth jazz-versjon for albumet Everlasting frå 1987, og den andre ein meir tradisjonell versjon i 1996 for albumet Stardust, spelt inn som ein virtuell duett med faren Nat King Cole.
  • Johnny Mathis spelte inn songen i 1969 på albumet Open Fire, Two Guitars, som nådde salslistene i Storbritannia og mange andre land.
  • Sandra Dee spelte inn songen i 1960.
  • Blues-lounge-songaren Etta Jones fekk ein hit med songen i 1961.
  • Ein versjon av The Lettermen gav songen ut på singel i 1961 og denne nådde sjuandeplassen på Billboard-lista og toppen av Easy Listening-lista.[2] Den erfarne trommeslagaren Earl Palmer spelte på denne versjonen.[3]
  • Storbandleiaren Guy Lombardo spelte inn songen. Versjonen hans kom ut i 1962 på albumet By Special Request.
  • Tenåringsidolet og TV-stjerna Johnny Crawford spelte inn songen. Versjonen hans kom ut i 1963.
  • Donny Osmond spelte inn songen i 1973 for albumet, A Time for Us. Denne nådde 14. plassen på poplista i USA og fjerdeplassen i Storbritannia.
  • The Carpenters spelte inn songen for den siste fjernsynssendinga si, Music, Music, Music!. Richard Carpenter gav songen offisielt ut i 1989 på albumet Lovelines , seks år etter systera døydde.
  • Little Willie Littlefield spelte inn ein versjon i 1990 på albumet Singalong with Little Willie Littlefield.
  • Tom Jones spelte inn ein versjon i 1966 for albumet From the Heart.
  • Countrysongaren Kenny Rogers spelte inn ein versjon av songen på albumet Always and Forever.
  • Barry Manilow spelte ein versjon av songen i 2006.
  • Operasongaren Lesley Garrett spelte inn ein versjon i 2007 på albumet med same namn.

Rick Astley-versjonen endre

When I Fall in Love
Singel av Rick Astley
frå albumet Whenever You Need Somebody
B-side

My Arms Keep Missing You

Språk engelsk
Utgjeve 20. oktober 1987
Innspelt 1987
Sjanger Tradisjonell pop
Lengd 3:02
Selskap RCA
Komponist Victor Young
Tekstforfattar Edward Heyman
Låtskrivar(ar)
Produsent Stock Aitken Waterman
Rick Astley-kronologi 
«Learning to Live (Without Your Love)»
(1987)
When I Fall in Love «My Arms Keep Missing You»
(1987)


Versjonen av Rick Astley kom ut i desember 1987, samstundes med 30-årsjubileet til Nat King Cole sin versjon av songen. Singelen er kanskje best hugsa for kampen om å nå toppen av singellista i juleveka i Storbritannia. Rivalane til RCA, EMI, ønskte å få sin artist, Pet Shop Boys, til topps på lista, og gav ut versjonen av Nat King Cole.[4][5] Dette førte til at Astley sin versjon selde dårlegare, og Pet Shop Boys nådde toppen av lista. Astley-versjonen stoppa på andreplassen, medan versjonen til Nat King Cole klatra heilt til fjerdeplassen.

Lister endre

Liste (1987) Plassering
Den austerrikske singellista 21
Den belgiske singellista 1
Den tyske singellista 7
Den spanske singellista 3
Den svenske singellista 12
Den sveitsiske singellista 14
UK Singles Chart 2
Liste (1988) Plassering
Den australske singellista[6] 5

Årslister endre

Årslister (1987) Plassering
UK Singles Chart[7] 50
Årslister (1988) Plassering
Den tyske singellista 78


Celine Dion- og Clive Griffin-versjonen endre

When I Fall in Love
av Celine Dion og Clive Griffin
frå albumet Sleepless in Seattle og The Colour of My Love
Språk engelsk
Utgjeve Juli 1993
Sjanger Tradisjonell pop
Lengd 4:20
Selskap
Komponist Victor Young
Tekstforfattar Edward Heyman
Låtskrivar(ar)
Produsent David Foster
Celine Dion-kronologi 
«Did You Give Enough Love»
(1993)
When I Fall in Love «Plus haut que moi»
(1993)


Celine Dion og Clive Griffin spelte inn ein versjon av songen for den romantiske komedien Sleepless in Seattle og gav han ut som singel i juli 1993. Songen vart spelt inn for filmen og var opphavleg meint som ein duett mellom Dion og Stevie Wonder. Han vart nominert til ein Grammy for beste popsong av ein duo eller gruppe i 1994 og vann ein Grammy for beste instrumentale arrangement med vokal. Prisen gjekk til David Foster og Jeremy Lubbock. Songen vart sidan gjeven ut på albumet The Colour of My Love av Dion, som kom i november 1993.[8]

Musikkvideoen vart regissert av Dominic Orlando i Hollywood.

«When I Fall in Love» nådde topp 40 i fleire land, mellom anna 22. plassen i New Zealand, 23. plassen i USA og 37. plassen i Nederland. På den amerikanske Hot Adult Contemporary Tracks-lista nådde songen sjetteplassen.

I 1998 framførte Anne Murray «When I Fall in Love» i lag med Dion og gav ut versjonen på DVDen An Intimate Evening with Anne Murray...Live. Seinare kom denne versjonen ut på albumet Anne Murray Duets: Friends & Legends i 2007.

Format og innhald endre

CD-singel
  1. «When I Fall in Love» – 4:20
  2. «If I Were You» – 5:07
Britisk CD maxi-singel
  1. «When I Fall in Love» – 4:20
  2. «If You Asked Me To» – 3:55
  3. «Marc Shaiman : An Affair to Remember" (instrumental) – 3:30

Lister endre

Vekeslister endre

Liste (1993–94) Plassering
Australia (ARIA)[9] 93
Canada Top Singles (RPM)[10] 21
Canada Adult Contemporary Tracks (RPM)[11] 2
Canada (The Record's Contemporary Hit Radio)[12] 31
Nederland (Single Top 100)[13] 37
New Zealand (Recorded Music NZ)[14] 22
US Billboard Hot 100[15] 23
US Adult Contemporary (Billboard)[16] 6

Årslister endre

Liste (1993) Plassering
Canada Adult Contemporary (RPM)[17] 24
US Adult Contemporary (Billboard)[18] 28

Innspelte versjonar endre


Kjelder endre

  1. Whitburn, Joel (1973). Top Pop Records 1940–1955. Record Research. 
  2. Whitburn, Joel (2002). Top Adult Contemporary: 1961–2001. Record Research. s. 144. 
  3. Scherman, Tony, Backbeat: The Earl Palmer Story, forward by Wynton Marsalis, Smithsonian Institution Press, Washington D.C., 1999, p. 175
  4. «The Ultimate Collection by Rick Astley». itunes.apple.com. Henta 15. august 2016. 
  5. «Diskografi – When I Fall In Love». www.rickastley.co.uk. Henta 15. august 2016. 
  6. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (Illustrated utg.). Sydney: Australian Chart Book. s. 20. ISBN 0-646-11917-6. 
  7. The Complete Book Of British Charts by Warwick/Kutner/Brown
  8. The Colour of My Love Arkivert 2008-07-03 ved Wayback Machine.. Retrieved January 31, 1996.
  9. Ryan, Gavin (2011). Australia's Music Charts 1988-2010. Mt. Martha, VIC, Australia: Moonlight Publishing. 
  10. "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 15. august 2016.
  11. "RPM Adult Contemporary Tracks." RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 15. august 2016.
  12. Nanda Lwin (1999). Top 40 Hits: The Essential Chart Guide. Music Data Canada. ISBN 1-896594-13-1. 
  13. «Céline Dion & Clive Griffin - When I Fall in Love (Song)». Hung Medien. Henta 9 September 2014. 
  14. «Céline Dion & Clive Griffin - When I Fall in Love (Song)». Hung Medien. Arkivert frå originalen 10. november 2012. Henta 9 September 2014. 
  15. "Dion?f=379&g=Singles Celine Dion Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Celine Dion. Prometheus Global Media. Henta 9 September 2014.
  16. "Dion?f=341&g=Singles Celine Dion Album & Song Chart History" Billboard Adult Contemporary Songs for Celine Dion. Prometheus Global Media. Henta 9 September 2014.
  17. «The RPM Top 100 AC Tracks of 1993». RPM. 18 December 1993. Henta 2 June 2015. 
  18. «The Year in Music: 1993» (PDF). Billboard. 25 December 1993. s. 46. Henta 16 May 2015. 
  19. Andy Abraham – The Impossible Dream
  20. Ray Anthony › Songs List
  21. When I Fall In Love Lyrics, arkivert frå originalen 4. mars 2016, henta 15. august 2016 
  22. Chet Baker When I Fall in Love