Lyngør fyrstasjon
Lyngør fyrstasjon er eit fyr på ei lita øy, Kjeholmen, utanfor Tvedestrand i Agder, i nærleiken av Lyngør. Fyrbygningen er i betong med fyrtårnet bygd inntil gavlen (tverrveggen) ut mot havet.
Lyngør fyr Foto: Petter Ulleland | |||
Fylke | Agder | ||
---|---|---|---|
Kommune | Tvedestrand | ||
Funksjon | Kystfyr | ||
Oppretta | 1879 | ||
Koordinatar | 58°38.0689′N 9°9.3178′E / 58.6344817°N 9.1552967°E | ||
Fyrtårn | |||
Høgd | 16,9 | ||
Form | Fyrbygning med tårn | ||
Byggjemateriale | Betong | ||
Fyrlys | |||
Lyskarakter | Lysglimt vart 60. sek. | ||
Lyshøgd | 21,3 moh. | ||
Lysvidde | 14,0 nm | ||
Status | |||
Eigar | Staten | ||
Automatisert | 2004 | ||
Avfolka | 2004 | ||
Vernestatus | Freda etter lov om kulturminne | ||
Lyngør fyrstasjon 58°38′09″N 9°08′54″E / 58.6359°N 9.1483°E | |||
Fyret har 3. orden linseapparat med ei lysvidde på 12,0 nautiske mil. Fyret kom i drift i 1879, samstundes med Homborsund fyrstasjon. I 1946 vart fyrbygningen utvida med eit maskinhus med generatorar og luftkompressorar for tåkelur, og det vart bygd bustad med uthus for fyrassistentar. Lyngør fyrstasjon er difor eit godt døme på ein fyrstasjon der fleire familiar hadde tilhald.
Fyrstasjonen vart automatisert og avfolka i 2004. Tåkesignalet, ein diafon, er teke vare på, men trykktankane er fjerna, så signalet vert ikkje lenger nytta.
Fyret er eit tidleg døme på betongbygging i landet. Fleire av dei opphavlege installasjonane er intakte: fyrbygningen med bustad, maskinhus, ny og gamal oljebu, bustad for fyrassistent, uthus, tuft etter ei smie, vegar, landing i betong med to naust og ei oljekai. Fyrstasjonen ligg i nærleiken av dei verneverdige bygningane på Lyngør, og er freda etter lov om kulturminne som ein del av landskapet og bygningane på Lyngør.
Klima
endreDet står ein vêrstasjon frå Meteorologisk Institutt ved Lyngør fyrstasjon med synopnummer 1467. Han står 4 meter over havet og har vore i drift sidan februar 1947.
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Temperatur (°C) | -0,8 | -1,2 | 1,2 | 4,8 | 10,1 | 14,5 | 16,2 | 15,8 | 12,6 | 9,0 | 4,3 | 1,2 | 7,3 |
Nedbør (mm) | 73 | 45 | 57 | 43 | 64 | 50 | 71 | 91 | 94 | 118 | 97 | 66 | 869 |
Sjå òg
endreBilete
endreKjelder
endre- «Norsk fyrliste 2008» (PDF). Kystverket.
- Norsk Fyrhistorisk Forening: Aust-Agder: Lyngør fyrstasjon
Bakgrunnsstoff
endre- Lyngør fyrstasjon i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren