Homborsund fyrstasjon
Homborsund fyrstasjon er eit fyr som ligg på ei lita øy ved innseglinga til Homborsundet utanfor Grimstad i Agder.
| |||
Fylke | Agder | ||
---|---|---|---|
Kommune | Grimstad | ||
Funksjon | Kystfyr | ||
Oppretta | 1879 | ||
Koordinatar | 58°15.1672′N 8°32.0160′E / 58.2527867°N 8.5336000°E | ||
Fyrtårn | |||
Høgd | 16,9 | ||
Form | Fyrbygning med tårn | ||
Fyrlys | |||
Lyskarakter | Isofase med periode på 6 sek. | ||
Lyshøgd | 20,1 moh. | ||
Lysvidde | 22,3 nm | ||
Status | |||
Eigar | Staten | ||
Automatisert | 1992 | ||
Avfolka | 1992 | ||
Vernestatus | Freda etter lov om kulturminne | ||
Homborsund fyrstasjon 58°15′15″N 8°31′44″E / 58.2541°N 8.529°E | |||
Fyret har 3. ordens linseapparat og diafonen som tidlegare lagde tåkesignal er framleis intakt. Fyret vart bygd i 1879, samstundes med Lyngør fyrstasjon, og dei to lyktehusa er derfor nesten heilt like. Ved stasjonen er det bygd bustad, uthus, brønn, landingar og eit naust. I tillegg finst det ein molo. I 1992 vart fyret automatisert og avfolka.
Området er freda etter lov om naturvern på grunn av fuglelivet her og sjølve fyret er verna etter lov om kulturminne.
Sjå òg
endreKjelder
endre- «Norsk fyrliste 2008» (PDF). Kystverket.
- «Homborsund fyrstasjon». Norsk Fyrhistorisk Forening.
Bakgrunnsstoff
endre- Homborsund fyrstasjon i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren