Lyse AS er eit norsk energiselskap med hovudverksemd i Rogaland fylke. Namnet Lyse kjem truleg av Lyseelva i Lysebotn. Den 17. juni 1998 fusjonerte energiselskapa i Sør- Rogaland til Lyse Energi AS. Energiselskapa som fusjonerte var Stavanger Energi, Lyse Kraft, Ryfylke Energi, Sola Energi, Sandnes Energi, Time Energi og Maudal Kraftlag DA. I tillegg kom sal av kraft for Klepp Energi og kraftproduksjon og sal for Jæren Everk (Hå kommune). Etter kvart har Lyse Energi utvikla verksemd innan mellom anna vasskraft, naturgass, telefoni og breiband.

Lyse Energi

Org.formAksjeselskap
Org.nr.980001482
BransjeInternettleverandør
Skipa17. juni 1998
EigarStavanger kommune, Sandnes kommune, Sola kommune, Time, Klepp, Hå kommune, Randaberg, Eigersund kommune, Strand kommune, Rennesøy kommune
DotterselskapLyse Produksjon AS, Ice[1]
HovudkontorStavanger kommune
LandNoreg
Produktelektrisk energi, naturgass, breiband, fjernsynskringkasting, IP-telefoni, smarthus, fjernvarme, district cooling, biogass
Nettstadhttp://www.lysekonsern.no

Nokre kraftverk

endre

I tillegg til vasskraftverka under har Lyse eigardelar i Sira-Kvina kraftselskap og Ulla-Førreverka.

  • Oltedal kraftverk, i drift frå 1909
  • Oltesvik kraftverk, i drift frå 1917
  • Sviland kraftverk
  • Hauskje kraftverk i Hjelmeland
  • Hjelmeland kraftverk i Hjelmeland
  • Maudal kraftverk i Maudal, i drift frå 1930
  • Lysebotn kraftverk, i drift frå 1953
  • Flørli kraftverk i Flørli, moderne kraftstasjon i drift frå 1999. Gamal kraftstasjon frå 1918.
  • Tjodan kraftverk

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
Litteratur
  • Gjerde, Kristin Øye, Nerheim, Gunnar: Energiske linjer : Stavanger Energi gjennom 100 år : 1898-1998, Stavanger 1998.
  • Gjerde, Kristin Øye, Nerheim, Gunnar og Ramskjær, Liv: «Ingen skal fryse med kraft ifra Lyse» : historien om Lyse Kraft 1947 - 1997. Sandnes 1997.
  • Lorentzen, R. A. (red): Lysekraft i 25 år, Sandnes 1978.
      Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.