Lysgårdsbakkane
Lysgårdsbakkane | |
---|---|
Namn | Lysgårdsbakkane |
Plassering | Lillehammer |
Byggeår | 1993 |
Bakketype | Storbakke / normalbakke |
Tekniske data | |
K-punkt | 123 m (storbakken) |
Bakkestorleik (HS) | 138 m / 100 m |
Bakkerekord | 146 m (storbakken) |
Tilløp - lengde | |
Tilløp - vinkel | |
Høgde på hoppet | |
Snøggleik på hoppet | |
Vinkel på hoppet | |
Vinkel ved K-punkt | |
Tilskodarkapasitet | 40,000 |
Klubb | |
Andre bakkar |
Lysgårdsbakkane Hoppanlegg er eit skihoppanlegg på Lillehammer i Oppland. Bakkane ligg ved Kanthaugen ovanfor Stampesletta på Lillehammer, og blei bygd til OL på Lillehammer i 1994. Anlegget består av ein storbakke og ein normalbakke, pluss stolheis. Arenaen har ein tilskodarkapasitet på ca. 40 000.
Den store bakken (HS138) har bakkerekord 146 meter, sett av Simon Ammann under verdscupen i skihopping 6. desember 2009(kvalifiseringsrennet). Normalbakken (HS100) har bakkerekord 107,5 meter, sett av Karl Geiger under verdenscupen i skihopping, 6. desember 2013.
Etter at den store bakken blei ferdig utbygd og modernisert i 2007, har begge bakkene nå plastunderlag, slik at dei òg kan bli brukt til hopping i sommarhalvåret.
Dei to bakkane deler slette. Sletta i Lysgårdsbakkane blei brukt under opnings- og avslutningsseremoniane under OL i 1994. Under opningsseremonien blei OL-elden teke inn på arenaen med eit skihopp. Ole Gunnar Fidjestøl blei vald ut til å hoppa med OL-elden, men han fall i landinga og skada seg under trening med elden to dagar før seremonien. Dermed blei det reserven Stein Gruben som hoppa med elden under opningsseremonien.
Saman med Holmenkollen i Oslo og Granåsen i Trondheim er Lysgårdsbakkane nasjonalanlegg for skihopping i Noreg. Det blir arrangert verdscuprenn i den store bakken kvart år.
Lysgårdsbakkane fekk i 1993 utmerkinga Betongtavla, som blir delt ut av Norsk Betongforening i samarbeid med Norske Arkitekters Landsforbund. Lysgårdsbakkane erstatta Balbergbakken, som blei nedlagt då Lysgårdsbakkane blei opna.