Mário de Sá-Carneiro

portugisisk poet

Mário de Sá-Carneiro (19. mai 189026. april 1916) var ein portugisisk poet og prosaforfattar som i lag med Fernando Pessoa vert rekna som grunnleggar av den litterære modernistrørsla i Portugal.

Mário de Sá-Carneiro

Statsborgarskap Portugal
Fødd 19. mai 1890
Lisboa
Død

26. april 1916 (25 år)
Paris

Yrke lyrikar, skribent
Signatur
Mário de Sá-Carneiro på Commons
Omslaget til Orpheu nr. 1, 1915. Design José Pacheco.

Liv og virke

endre

Mário de Sá-Carneiro var fødd i Lisboa. Faren var ingeniør, mora døydde då han var to år gamal og Sá-Carneiro voks opp hos besteforeldra.

Sá-Carneiro byrja å skrive dikt som tolvåring og hadde innan han fylte 17 år omsett fleire verk av Victor Hugo, Johann Wolfgang von Goethe og Friedrich Schiller. I 1910 gav han ut teaterstykket Amizade («Venskap») i lag med skolekameraten Tomas Cabreira Junior. Sá-Carneiro oppheldt seg i Paris i fleire periodar, først i 1912, så hovudsakleg i 1914, og 1915 til 1916. Formålet var å studere rettsvitskap, men han kom aldri gjennom første studieår.

I 1913 vart Sá-Carneiro kjend med Fernando Pessoa som introduserte han for det modernistiske miljøet i Lisboa.[1] I lag med José de Almada Negreiros gav Pessoa og Sá-Carneiro ut litteraturtidsskriftet Orpheu (1915). Bladet, som hovudsakleg var finansiert av faren til Sá-Carneiro, kom berre i to nummer. Faren nekta å finansiere eit tredje nummer som var under arbeid. Bladet skapte stor skandale med sin futuristiske idealisme, men idag vert Orpheu rekna som eit av dei finaste og mest betydelege døma på portugisisk litteratur.

Sá-Carneiro levde eit ustadig bohemliv i Paris, han hadde økonomiske problem, krangla med faren, var ulukkeleg i kjærleik og tok tilslutt sitt eige liv[1]Hôtel de NiceMontmartre.

Det mest kjende verket til Sá-Carneiro er romanen A Confissão de Lúcio («Skriftemålet til Lúcio»), eit komplekst relasjonsdrama mellom ei kvinne og to dekadente diktarar under det parisiske fin de siècle. Boka tematiserer erfaringsgrunnlaget til Sá-Carneiro og ei leiting etter å finne sin eigen identitet; dette var problem som han tumla med heile livet.

Tematisk krinsar verka til Sá-Carneiro ein god del om døden og er merkt av ein viss dødslengt.

Mário de Sá-Carneiro står i skuggen av Fernando Pessoa, men fekk stor påverknad på generasjonen portugisiske diktarar som følgde etter. Dei samla verka hans kom ut posthumt i 1946.

Verk i utval
  • Amizade («Venskap»), 1910, teaterstykke
  • Princípio («Byrjing»), 1912, forteljingar
  • O homem de Sonhos («Mannen som drøymde») og O Fixador de Instantes («Frysing av augneblenken»), 1913, forteljingar som kom ut i A Águia
  • A Alma («Sjela»), 1913, teaterstykke
  • Dispersão («Oppløysing»), 1914, lyrikk
  • A Confissão de Lúcio, 1914, roman
  • Céu em fogo («Himmel i brann»), 1915, 12 forteljingar
    • På norsk: Himmel i brann, eit utval noveller frå Céu em fogo, 81 sider. Folium klassikere (Portugal - 1800-talet). Omsett av Torstein Johnsrud. ISBN 82-7995-006-0
  • Indícios de Oiro, 1937, lyrikk, posthumt

Kjelder

endre
Hauptwerke der spanischen und portugiesischen Literatur, s. 783, ff. Kindlers neues Literaturlexikon,
Knauers Lexikon der Weltliteratur,
Etterord til romanen Lucios Bekenntnis (Suhrkamp, Frankfurt a.M. 1997, ISBN 3-518-22267-8)

Referansar

endre
  1. 1,0 1,1 «Mário de Sá-Carneiro». Encyclopædia Britannica. Henta 6. mai 2012. a

Bakgrunnsstoff

endre