Fernando Pessoa

portugisisk poet

Fernando Pessoa, uttalt [fɨɾˈnɐ̃du pɨˈsoɐ, (fødd Fernando António Nogueira de Seabra Pessoa13. juni 188830. november 1935) var ein portugisisk diktar, forfattar, omsetjar og litteraturkritikar.

Fernando Pessoa

Pseudonym Alberto Caeiro, Álvaro de Campos, Ricardo Reis, Bernardo Soares
Statsborgarskap Portugal, Kongedømet Portugal
Fødd 13. juni 1888
Lisboa
Død

30. november 1935 (47 år)
Lisboa

Yrke lyrikar, omsetjar, skribent, filosof, essayist, skodespelforfattar, litteraturkritikar, prosaforfatter
Språk portugisisk
Sjanger dikt
Religion neopaganisme
Far Joaquim av Seabra Pessoa
Mor Maria Magdalena Pinheiro Nogueira
Signatur
Fernando Pessoa på Commons

Pessoa vert rekna som ein av dei største portugisiske lyrikarane etter Luís de Camões,[1] og ein av dei viktigaste portugisiskspråklege forfattarane. Han er òg ein ruvande forfattar innan europeisk modernisme.[2]

Liv endre

Pessoa vart fødd inn i ein velståande familie. Faren døydde av tuberkulose då Fernando var fem år gamal og året etter døydde den eitt år gamle broren. Mora gifta seg opp att då Pessoa var sju år; «for Pessoa kan dette [òg] ha vore å likne med eit tap.»[3] Tidleg i 1896 flytta familien til Durban i Sør-Afrika der stefaren var konsul. I denne britiske kolonien lærte Pessoa å meistre det engelske språket like bra som det portugisiske. Han las frå ung alder svært mykje litteratur og utvikla tidleg ein kjærleik til forfattarar som William Shakespeare og John Milton.[4] 17 år gamal kom Pessoa attende til Portugal for å studere litteratur ved universitetet i Lisboa og etter det forlét han knapt byen. Han var nært knytt til Lisboa og er byen sin diktar, slik Franz Kafka er Praha sin og James Joyce Dublin sin.

Pessoa tente til livsopphaldet ved å arbeide som handelskorrespondent for ulike firma.

Fernando Pessoa, som var storrøykar og låg under for alkoholen, døydde av levercirrhose, berre 47 år gamal. Det siste han skreiv var den engelske setninga «I know not what tomorrow will bring…» («Eg veit ikkje kva morgondagen fører med seg…»). Frå 1985 har leivningane hans lege i den portugisiske nasjonalheilagdomen Mosteiro dos Jerónimos i Belém.

Virke endre

 
Skulptur av Fernando Pessoa sitjande ved stambordet på kafeen A Brasileira i bydelen Chiado, Lisboa

Då Pessoa kom til Lisboa som 17-åring, kom han i kontakt med ein krins nyskapande forfattarar og kunstnarar og bidrog med tekstar i avantgardistiske tidsskrift. Saman med Mário de Sá-Carneiro grunnla han tidsskriftet Orpheu. I byrjinga skreiv han dikt på engelsk og omsette engelsk lyrikk til portugisisk. Seinare fekk han inn fleire dikt på portugisisk språk i ulike tidsskrift.

I si eiga levetid vart diktinga til Pessoa berre sett pris på av nokre få vener og han fekk ikkje sjå meir enn den vesle romanen Mensagem (1934, «Bodskap») utgjeve, men etter at han var død vart det funne over 30 000 manussider[2] i ei trekiste. I tillegg til prosa og poesi lèt han etter seg dramaskisser og politiske og sosiologiske skrift. Utgjevinga kom i gang i 1943, men manuskriptsamlinga er så stor og uoversiktleg at mykje av det han skreiv framleis ikkje er redigert og publisert.

I to skilde periodar mellom 1913 og 1934 skreiv Pessoa ned dagbokliknande refleksjonar på lappar og i notisbøker.[2] Hensikten var å gje ut desse notisane i bokform under namnet Livro Do Desassossego (i norsk omsetjing Uroens bok), men det tok heile 47 år etter hans død før den første utgåva kom ut i 1982. Dette blir rekna som det viktigaste prosa-arbeidet til Pessoa, i 2002 fekk boka plass i Verdsbiblioteket si liste over dei 100 viktigaste verka i litteraturhistoria.[5] Den siste utgåva inneheld 481 sjølvstendige avsnitt. Dei er tette og poetiske framstillingar med subtile observasjonar av kvardagslivet og tilværet i det heile, men i all sin intellektuelle briljans er dei heller ikkje utan ei viss tristesse og kjenslekulde.

Pessoa skreiv under ulike heteronym, dei tre viktigaste er Alberto Caeiro, Álvaro de Campos og Ricardo Reis.[1] Til skilnad frå pseudonym er heteronym ikkje berre andre namn på forfattaren, men bak kvart av namna står fiktive personar med eigne biografiar, skrivestil, temaval, motiv og filosofisk ståstad. Pessoa sin engelske omsetjar, Richard Zenith, rekna seg fram til at Pessoa nytta 72 ulike namn, og det vil aldri bli klårt kven av desse som viser til Pessoa sjølv og kven som viser til eit anna pseudonyn/heteronym.[6]

Pessoa var ven av Aleister Crowley, og under påverknad av han skreiv Pessoa fleire politiske og esoteriske skrift som syner han som ein radikal og antidemokratisk tenkar med sterke messianske trekk.

I dag reknar mange portugisiske litteratar Pessoa som ein farsfigur. Nobelpristakaren José Saramago si bok O Ano da Morte de Ricardo Reis (i norsk omsetjing Det året Ricardo Reis døde) handlar om at Pessoas heteronym Ricardo Reis kjem attende til Lisboa etter 16 år i Brasil, og samtalar med sin gamle, døde ven Fernando Pessoa om samanfallande og avvikande oppfatningar om kunsten, livet, døden, kjærleiken, lagnaden og politikken.[1]

Bibliografi, omsetjingar endre

Norsk endre

Svensk endre

  • Orons bok, Bokförlaget Pontes, Sverige, (1999-01). ISBN 91-86536-47-8
  • Den anarkistiska bankiren och En mycket originell middag, Bokförlaget Pontes, 1995
  • Dikter av Alberto Caeiro, Bokförlaget Pontes, 2002
  • Djävulens timme och En stoikers fostran, Bokförlaget Pontes, 2005.
  • Ode till havet och andra dikter av Alvaro de Campos, Bokförlaget Pontes, 2009. ISBN 978-91-86536-80-0

Engelsk endre

  • Book Of Disquiet, Trade Paper. Serpent's Tail, UK (2002-11). ISBN 1-85242-758-2
  • Book Of Disquietude, Carcanet Press, UK (1997-01). ISBN 1-85754-301-7
  • Centenary Pessoa, Fyfield Books, UK ( 2003-09). ISBN 1-85754-724-1
  • A Centenary Pessoa, med Macedo, Helder; Carcanet P., UK (1996-05). Med Eugenio Lisboa, Octavio Paz, Bernard McGuirk, Richard Zenith; Sheep Meadow Press (1997-05). ISBN 0-85635-936-X
  • The Keeper of Sheep, Sheep Meadow Press, USA (1997-12). ISBN 1-878818-45-7
  • Quadras ao Gosta Popular / Quatrains in the Popular Style (tospråkleg), E.Mellen P.,U.S., UK (2003-11), USA (2004-01). ISBN 0-7734-6586-3
  • Sixty Portuguese Poems, Univ.Wales Press, UK (1971-01): ISBN 0-900768-73-8 och (1988-12): ISBN 0-7083-1033-8

Litteratur endre

  • Ángel Crespo: Fernando Pessoa: Das vervielfältigte Leben. Eine Biographie. Ammann, Zürich 1996, ISBN 3-250-10282-2.
  • Steffen Dix: Heteronymie und Neopaganismus bei Fernando Pessoa. Würzburg 2005, ISBN 3-8260-3039-7.
  • Antonio Tabucchi: Wer war Fernando Pessoa? Carl Hanser, München 1992, ISBN 3-446-16462-6.
  • Antonio Tabucchi: Die letzten drei Tage des Fernando Pessoa. Carl Hanser, München 1998, ISBN 3-446-19507-6.
  • Burghard Baltrusch: Bewusstsein und Erzählungen der Moderne im Werk Fernando Pessoas. Lang, Frankfurt 1997, ISBN 3-631-31406-X.
  • Karl-Eckhard Carius: Goethe – Pessoa. Dokumentation eines kunstpädagogischen Projekts. Escola Alemã de Lisboa, Lissabon 1992, ISBN 972-42-0541-X.
  • Wenn das Herz denken könnte. Sätze aus dem Gesamtwerk, zusammengestellt von Marie-Luise Flammersfeld und Egon Ammann. Ammann, Zürich 2006, ISBN 3-250-25001-5.
  • Martin Steinmetz: Fernando Pessoa und Gottfried Benn. Eine vergleichende Studie zur Identitätsproblematik in der Dichtung des 20. Jahrhunderts. Lang, Frankfurt 1995, ISBN 3-631-49105-0.
  • Julia Weber: Das multiple Subjekt. Randgänge ästhetischer Subjektivität bei Fernando Pessoa, Samuel Beckett und Friederike Mayröcker. Wilhelm Fink, München 2010, ISBN 978-3-7705-4889-7.
  • Winfried Kreutzer: Fernando Pessoa. I Martha Kleinhans og Klaus Stierstorfer (red.): Lektüren für das 21. Jahrhundert. Schlüsseltexte europäischer Literatur: England, Frankreich, Irland, Italien, Portugal, Russland. (Ringvorlesung an der Universität Würzburg 2000). Königshausen & Neumann, 2001, ISBN 382601944X. S. 93–118.

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Giovanni Pontiero i innleiinga til Jose Saramago, The Year of the Death of Ricardo Reis, The Harvill Press, London, ISBN 9781860465024
  2. 2,0 2,1 2,2 «Ett verk höljt i mytologiskt skimmer» av Henrik Nilsson. Svenska Dagbladet 8. august 2011.
  3. Das Buch der Unruhe des Hilfsbuchhalters Bernardo Soares. Fischer Verlag, 2006, s. 557 (omsetjaren sin merknad), ref. òg s. 38
  4. kirjasto.sci.fi, arkivert frå originalen 2. juni 2012, henta 1. april 2012 
  5. Dette er Verdensbiblioteket bokklubben.no
  6. Richard Zenith i innleiinga til Fernando Pessoa, The Book of Disquietude. London 1991.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Fernando Pessoa
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Fernando Pessoa