Måneskin er eit italiensk hardrockband frå Roma. Bandet består av frontvokalist Damiano David, bassist Victoria De Angelis, gitarist Thomas Raggi og trommis Ethan Torchio.[1] Namnet på gruppa er dansk, og har opphav i at bassisten Victoria De Angelis har dansk som morsmål.[2] Bandet vart skipa i 2016, men slo igjennom to år seinare då det enda på andreplass i sesong elleve av italienske X Factor.[3] Måneskin vann San Remo-festivalen i 2021 med songen «Zitti e buoni» og deltok og vann Eurovision Song Contest 2021 med han. I etterkant av sigeren hadde gruppa også stor kommersiell suksess med songane «I Wanna Be Your Slave» og «Coraline» frå albumet Teatro d'ira: Vol. I.

Måneskin

Aktiv2016–
Sjangerpoprock, glamrock
PlateselskapSony Music
PrisarBillboard Music Award for Top Rock Song, Vinner av Eurovision Song Contest, MTV Europe Music Award for Best Rock, Premios Odeón

Bakgrunn

endre

Starten

endre

Bandmedlemmane møtte kvarandre då dei gjekk på same videregåande skule. I 2016 tok dei førebuande utdanning, liceo scientifico, i Roma og bestemte seg for å starte eit band.[4][5] Bandnavnet kom dei på i 2016 då dei skulle melde seg på Pulse, ei lokal musikktevling for nye band.[6] Mens dei hadde idédugnad for namn, bad medlemmane Victoria De Angelis, som er halvt dansk, om å slenge ut nokon danske ord. Dei fall for ordet Måneskin (måneskin), sjølv om tydinga ikkje har noko direkte samband til bandet.[7] Pulse-tevlinga vart også eit vendepunkt i karriera til bandet, sidan dei måtte skrive eigne songar. Som følgje av tevlinga fekk dei opptre på Felt Music Club & School, og vann fyrstepremie i tevlinga.[6][8]

Dei opptredde seinare som gatemusikantar i Colli Portuensi-området i Roma, og i det historiske senteret av byen, inkludert Via del Corso.[9] Ein av dei fyrste livekonsertane til gruppa utanfor Roma fann stad i Faenza, under årsmøtet til Independent Record Labels i 2016.[10] Etter ein tur til Danmark, der gruppa heldt fleire mindre konsertar, begynte gruppa å jobbe tettare saman med fleire øvingar.[8][11]

Debutalbum og gjennombrot

endre

I 2017 melde Måneskin seg på den ellevte sesongen av italienske X Factor på dei kommersielle tv-kanalane Sky Uno og TV8. Måneskin nådde til slutt finalen i desember 2017, der gruppa enda på andreplass. Parallelt med deltakinga gav Måneskin ut debutsingelen «Chosen» 24. november 2017. Singelen var gjeven ut av Sony Music og nådde ein andreplass på den italienske singellista.[12][13] Songen var òg med på gruppas EP med same tittel, gjevne ut i desember 2017. EP-en bestod hovudsakleg av coverlåtar som gruppa hadde opptredd med under deltakinga i X Factor.[14] EP-en selde til platina-status.[15]

23. mars 2018 slapp Måneskin sin fyrste italiensk-språklege singel, «Morirò da re», som også oppnådde kommersiell suksess.[16][17] Det fyrste studioalbumet til Måneskin, Il ballo della vita kom 26. oktober 2018.[18] Både albumet og singelen «Torna a casa» toppet hitlistene i Italia.[19] For å promotere albumet gav bandet ut ein dokumentarfilm, This Is Måneskin. Filmen hadde premiere i Italia 26. oktober 2018.[20]

San Remo-festivalen 2021 og Teatro d'ira

endre

I 2021 vann Måneskin San Remo-festivalen med songen «Zitti e buoni».[21] Bandet kunngjorde samtidig sitt nye albumprosjekt, kalla Teatro d'ira: Vol. I vart gjeve ut 19. mars 2021.[22] Bandet representerte Italia i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam 22. mai.[23] I vekene og dagane før finalen var gruppa storfavoritt til å vinne tevlinga, og dei innfridde favorittstempelet.[24][25] Gruppa vann finalen med 524 poeng.[26] Eit par veker etter sigeren vart opptredenen deira den mest sette Eurovision-liveframføringa på YouTube, med over 55 millioner visningar.[27]

Etter sigeren gjekk fleire andre låtar frå albumet Teatro d'ira: Vol. I inn på hitlister over heile Europa. I fleire land, blant anna Storbritannia, gjorde den engelskspråklege «I Wanna Be Your Slave» det betre enn «Zitti e buoni».[28][29] Også gruppa sin coverversjon av Madcon-versjonen av «Beggin'» gjekk inn på hitlister i fleire land.[30][31]

Besetning

endre

Diskografi

endre

Album

endre

Extended plays

endre
  • 2017 – Chosen

Singlar

endre
Tittel År Høgaste
listeplassering
Sertifiseringer[32] Frå album eller EP
ITA
[33]
«Chosen» 2017 2
  • FIMI: 2 x platina
Chosen
«Morirò da re» 2018 2
  • FIMI: 3 x platina
Il ballo della vita
«Torna a casa» 1
  • FIMI: 5 × platina
«Fear for Nobody» 2019 26
«L'altra dimensione» 6
  • FIMI: Platina
«Le parole lontane» 5
  • FIMI: Gull
«Vent'anni» 2020 12
  • FIMI: Platin
Teatro d'ira: Vol. 1
«Zitti e buoni» 2021 2
«–» angjev at songen ikkje nådde hitlista.

Referansar

endre
  1. «Måneskin». Rolling Stone (på italiensk). Henta 5. oktober 2018. 
  2. s.r.l, Rockol com. «√ Biografia di Maneskin | Le ultime news, concerti e testi». Rockol (på italiensk). Henta 7. mars 2021. 
  3. Luigi Bolognini (15. desember 2017). «TV X Factor, la vittoria di Lorenzo Licitra: la voce del tenore batte il glam rock dei Maneskin». la Repubblica. Henta 5. oktober 2018. 
  4. «X Factor 2020: Maneskin | Sky». xfactor.sky.it. Henta 13. mars 2021. 
  5. «Tutto quello che c'è da sapere sui Måneskin, la band che vincerà X Factor». la Repubblica (på italiensk). 26. november 2017. Henta 13. mars 2021. 
  6. 6,0 6,1 Paolo Giordano (31. desember 2017). «Ehi ragà, seguite voi stessi». Corriere della Sera. La Lettura (på italiensk). Henta 2. november 2018. 
  7. «X Factor 2020: “Si dice Maneskin, non Moleskine!”: origine e significato del nome della band | Sky». xfactor.sky.it. Henta 13. mars 2021. 
  8. 8,0 8,1 Jessica Chia (31. desember 2017). «Måneskin, gli altri vincitori di X Factor». Corriere della Sera (på italiensk). Henta 2. november 2018. 
  9. «Tutto quello che c'è da sapere sui Måneskin, la band che vincerà X Factor». la Repubblica (på italiensk). 26. november 2017. Henta 13. mars 2021. 
  10. «I Måneskin a Faenza sul palco del Mei: Suonarono di fronte a non più di 30 persone». Ravenna Today (på italiensk). 10. januar 2018. 
  11. «Damiano (Maneskin) si racconta: ‘Chi sono per dirmi che non posso andare in giro con la pelliccia di leopardo perché non sono Mick Jagger?’» (på italiensk). Rockol.it. 31. desember 2017. Henta 2. november 2018. 
  12. «Chosen - Måneskin» (på italiensk). Radiodate.it. 
  13. «Italina Charts - Måneskin - Songs». Italiancharts.com. Hung Medien. 
  14. Alessandra Vitali (29. januar 2018). «L'APPUNTAMENTO Maneskin, per loro uno Speciale Webnotte: la band e un successo che non si ferma più». la Repubblica. Henta 5. oktober 2018. 
  15. «Maneskin, "Morirò da re" è il primo inedito in italiano». Il Mattino (på italiensk). 19. mars 2018. Henta 5. oktober 2018. 
  16. Valentina Cesarini (11. mars 2018). «I Maneskin scelgono la parte buona: "Morirò da re", il nuovo singolo e il video». TV Sorrisi e Canzoni (på italiensk). Henta 5. oktober 2018. 
  17. Cinzia Del Pretee (25. september 2018). «Fimi Awards per Maneskin, Elisa, Sfera Ebbasta e molti altri: le certificazioni della settimana». Optimaitalia.com. Henta 5. oktober 2018. 
  18. «Maneskin, ecco il nuovo album "Il ballo della vita" e un docufilm sulla loro carriera». Il Messaggero (på italiensk). 3. oktober 2018. Henta 5. oktober 2018. 
  19. Ambra De Sanctis (2. november 2018). «Nella Classifica FIMI del 2 novembre i Maneskin ed Elisa in vetta, Il Ballo Della Vita invade la Top10 dei singoli». Optimagazine. Henta 2. november 2018. 
  20. «Måneskin, arriva nei cinema un documentario che racconta il primo album della band». Rolling Stone (på italiensk). 3. oktober 2018. Henta 2. november 2018. 
  21. «Sanremo, i Maneskin raccontano il loro brano "Zitti e buoni"». www.iltempo.it (på italiensk). Henta 13. mars 2021. 
  22. TG24, Sky. «I Maneskin annunciano il nuovo album 'Teatro d'ira vol. 1'». tg24.sky.it (på italiensk). Henta 13. mars 2021. 
  23. «UPDATE: Måneskin will represent Italy at the Eurovision Song Contest». Eurovision.tv (på engelsk). 7. mars 2021. Henta 7. mars 2021. 
  24. «Eurovision 2021 odds: Italy overtakes France as favourite to win following running order reveal». wiwibloggs (på engelsk). 21. mai 2021. Henta 21. mai 2021. 
  25. «Eurovision 2021 odds: Italy's Måneskin remains favourite to win grand final». wiwibloggs (på engelsk). 21. mai 2021. Henta 22. mai 2021. 
  26. «Congratulations ITALY: Måneskin win Eurovision Song Contest 2021». Eurovision.tv (på engelsk). 22. mai 2021. Henta 23. mai 2021. 
  27. «🇮🇹 “Zitti E Buoni” becomes most-viewed Eurovision live performance on YouTube». ESCXTRA.com (på engelsk). 4. juni 2021. Henta 19. juni 2021. 
  28. «Lucky number 7 for Måneskin as they crack UK Official Singles Chart». Eurovision.tv (på engelsk). 18. juni 2021. Henta 19. juni 2021. 
  29. «Måneskin – I Wanna Be Your Slave». portuguesecharts.com. Portuguese charts portal. Henta 19. juni 2021. 
  30. «Måneskin covrer norsk klassiker 🇮🇹 🌟 🇳🇴». 730.no (på norsk bokmål). 26. mai 2021. Henta 19. juni 2021. 
  31. «Måneskin – Beggin'». portuguesecharts.com. Henta 19. juni 2021. 
  32. «Søkbar oversikt over sertifiseringer i den italienske musikkbransje» (på italiensk). FIMI. Henta 13. mars 2021. 
  33. «Database Top of the Music - Maneskin - Classifiche» (på italiensk). FIMI. Henta 13. mars 2021.