Møretrygd
Møretrygd Gjensidig Forsikring er eit gjensidig skadeforsikringsselskap med kontor i Ålesund, Volda og Fosnavåg. Selskapet er samansett av ei rekkje mindre selskap som har fusjonert, der dei viktigaste var Assuranseforeningen "Havfiske" (1871), Sunnmøre Båttrygdelag (1890), Herøy Båttrygdelag (1917) og Volda Branntrygdelag (1866).
I 2011 hadde selskapet ei premieinntekt på ca kr 130 millionar og eigenkapital på kr 273 millionar. Tradisjonelt var Møretrygd eit sjøforsikringsselskap (sjøtrygdelag), men dekkjer no alle vanlege skadeforsikringar, også på land.
Selskapet tek mål av seg å vere det lokale selskapet for Nord-Vestlandet og dekkje forsikringsbehova til både privatpersonar, verksemder og reiarlag. Selskapet er ein viktig del av den maritime klyngja på Sunnmøre.
Som det einaste selskapet i Noreg har Møretrygd utarbeida alle forsikringsvilkår og informasjonsmateriell for den landbaserte delen av verksemda på nynorsk.