MF «Bjørnefjord» (1962)

Bilferge
For andre ferjer med same namn, sjå MF «Bjørnefjord»
MF Bjørnefjord (1962-1988).jpg
MF «Bjørnefjord» på Løfallstrand i Kvinnherad. Ferjestrekninga Gjermundshamn-Varaldsøy-Løfallstrand.
Foto: Harald Sætre
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MF «Bjørnefjord»
Eigar: Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap
Verft: Brødrene Lothe A/S Flytedokken i Haugesund
Verftsnummer: 17
Sjøsett: 1962
Teke ut av teneste: 1988
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: LCRJ
Generelle mål
Type: Bilferje
Tonnasje: 343 bruttotonnregister, 132 nrt
Lengd: 42 meter
Breidd: 9,41 meter
Djupgang: 2,40 meter
Installert effekt : 750 bhk
Framdrift: 2x 3cyl. 2T EV DM (Wichmann Motorfabrikk)
Fart: 12 knop
Passasjerar: 350 passasjerar passasjerar
Bilar: 27-30 køyretøy
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Aunfjell»
Eigar: 1988: Polarlaks A/S
1992: Polarlaks II A/S
Sett i teneste: Juni 1988
Heimehamn: Husvær/Sandnessjøen
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MF «Gamle Bjørnefjord»
Eigar: Johan Brigtsen
Sett i teneste: 15. april 2010
Heimehamn: Dimmelsvik/Bergen
Status: I ferd med å hoggast opp (oktober 2016)

MF «Bjørnefjord», var ei bilferje bygd i 1962 for Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap. Ferja var det fyrste spesialbygde bilferja som gjekk mellom Os og Stord (no Halhjem-Sandvikvåg). Ho gjekk i HSD sitt rutedistrikt fram til 1988.

M/F «Bjørnefjord» i opplag i Bergen, like før ferja vart seld.
Foto: Harald Sætre

HistorieEndra

Fullmakta til kontrahering vart gitt på representantskapsmøtet til Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap 24. oktober 1960. Tanken var å setja ferja inn i sambandet over Bjørnefjorden. For å takla den verharde ferjestrekninga fekk Bjørnefjord høgare skansekledning og forskip, og ho vart gitt ei kraftigare maskin samanlikna med til dømes M/F «Vikingen» som gjekk innomskjærs i Hardangerfjorden.

Ferja vart levert i juni 1962 frå Brødrene Lothe i Haugesund med ein kapasitet på 30 bilar og 350 passasjerar. Sidan ferjekaia på Halhjem ikkje var ferdig, mest på grunn av ein debatt om kor den skulle liggja, var «Bjørnefjord» først sett inn i Kinsarvik-Utne-Kvanndal i Hardangerfjorden. I juni 1963 var kaia i Halhjem ferdig og «Bjørnefjord» blei flytta til der ho var tiltenkt for, over Bjørnefjorden i rute Halhjem-Våge-Bruntveit-Fitjar. I 1964 var kaia på Sandvikvåg opna og tok over for Fitjar i rutetabellen. I juni 1967 fekk Tysnes eige fergerute med «Vikingen» mellom Os og Tysnes. «Bjørnefjord» gjekk då utelukkande mellom Halhjem og Sandvikvåg. Seinare gjekk «Bjørnefjord» i periodar som reserverferje på Løfallstrand-Gjermundshamn og Hufthamar-Krokeide.

I 1986 vart ho leigd ut til Møre og Romsdal Fylkesbåtar og gjekk i rutene Eidsdal-Linge og Molde-Vestnes-Vikebukt.

I 1988 var «Bjørnefjord» blitt for lita og HSD trengte å frigjere kapital. Ho var då seld til Polarlaks A/S (sidan Polarlaks II A/S) på Helgeland og fekk namnet «Aunfjell». Ho vart her nytta i fiskeoppdrett i Vistenfjorden. I juli 2010 vart ho seld til ein entusiast, og i august same året flytta til Odda for restaurering av det nyoppretta Hardanger Veteranferjelag. Etter mange iherdige forsøk måtte eigarane gje opp restaureringsforsøket, og i september 2016 gjekk «Bjørnefjord» for eiga maskin for opphogging på Stord.

Sjå ògEndra

  • «Bjørnefjord», oppkalla etter Bjørnefjorden, er brukt som skipsnamn på fleire skip i HSD. Andre skip med namn «Bjørnefjord»
  • Andre HSD-eigde skip

KjelderEndra

  • Alsaker, Per (2011). «Skipet» (DOC) (norsk). Norsk Skipsfartshistorisk Selskap. Henta 6. oktober 2012. 
  • Ersland, Otto (2010). Dei fine fergene (norsk) (3. utgave utg.). Bergen: Kapabel forlag. s. 56-61. ISBN 978-82-8163-033-8. 
  • Langes, W. (2015). «Fjordfaehren.de» (tysk). Henta 18. juni 2016. 
  • HSD (2006). «HSD.no» (norsk). Henta 11. januar 2006. 
  • Kolltveit, Bård (1980). Over Fjord og Fjell, HSD 1880-1980 (norsk). Bergen. ISBN 82-990617-0-9. 
  • Kolltveit, Bård (2005). I rute - HSD 125 år - 1880 – 2005 (norsk). Bergen: Vigmostad Bjørke. ISBN 82-419-0404-5. 
  • Sætre, Harald (2014). Fram og tilbake over fjorden - om HSD, ferjer, ferjekaiar og ferjeruter (norsk). Bergen: Kapabel. ISBN 978-82-8163-0673.