MF «Gjemnes» (1949)
Karriere | Noreg |
---|---|
Namn: | MF «Gjemnes» |
Eigar: | Møre og Romsdal Fylkesbåtar |
Rute: | Kristiansund - Gjemnes |
Verft: | A/S Stord i Stord kommune |
Verftsnummer: | 7 |
Sjøsett: | 28. juni 1949 |
Døypt: | av fru Bull-Andersen |
Teke ut av teneste: | 1978 |
Kjennemerke: | LEWV |
Generelle mål | |
Type: | Bilferje |
Tonnasje: | 184 brt |
Lengd: | 34,58 m |
Breidd: | 7,93 m |
Djupgang: | 3,35 m |
Installert effekt : | 450 hk |
Framdrift: | Totakts dieselmotor frå Crossley |
Fart: | 12 knop |
Passasjerar: | 330 passasjerar |
Bilar: | 14 køyretøy |
Generelle mål etter ombygging 1972 | |
Installert effekt : | 460 |
Framdrift: |
4-taktars, 4-sylindra dieselmotor Heinr. Callesen A/S, Aabenraa |
Fart: | 11 knop |
Passasjerar: | 150 passasjerar |
Bilar: | 18 køyretøy |
Karriere | Noreg |
Namn: | MF «Lofotferje I» |
Eigar: | Lofoten Trafikklag |
Sett i teneste: | 1978-1982 |
Karriere | Noreg |
Namn: | MF «Edøy» |
Eigar: |
Møre og Romsdal Fylkesbåter Fjord1 |
Rute: | Molde-Sekken |
Sett i teneste: | 1982-2008 |
Karriere | Noreg |
Namn: | MS «Edøy» |
Eigar: | Leknes Sjøtransport |
Overdratt: | 2007 |
Heimehamn: | Haugesund |
Karriere | Noreg |
Namn: | MS «Nordive I» |
Eigar: | Nordive A/S |
Overdratt: | 2009 |
Heimehamn: | Kvalsund |
Karriere | Noreg |
Namn: | MS «Sjøservice I» |
Eigar: | Holmgrens Sjøservice |
Overdratt: | 2011 |
Heimehamn: | Kvalsund |
Lagnad: | framleis i drift |
MF «Gjemnes», seinare MF «Edøy», er ei bilferje som vart levert for Møre og Romsdal Fylkesbåtar (MRF). Ferja vart bygt ved A/S Stord i 1949. Ho gjekk i rute frå Kristiansund til Gjemnes fram til 1978, då ho vart seld til Lofoten Trafikklag som «Lofotferje I». I 1982 kjøpte MRF ferja attende og kalla ho MF «Edøy». Ho vart då sett inn i ruta Molde-Sekken, ei rute ho gjekk i heilt til 2008. Ferja er i dag ombygd til arbeidsfartøy og er i drift i Finnmark som «Sjøservice I».
I 1995 vart ferja nytta i TV-serien Julefergå.
Historie
endreHo vart sjøsett 28. juni 1949 og døypt av fru Bull-Andersen. Båten vart klassifisert av Det Norske Veritas og vart bygt med forsterka skrog som gjorde at ho kunne skjere gjennom tynn is. Ferja vart levert frå A/S Stord i november 1949.
«Gjemnes» vart sett inn i ruta Kristiansund-Gjemnes og tok over etter den gamle ferja MF «Trygg». Ferja var moderne for si tid, men fri høgd for gjennomkøyring viste seg etter kvart å vere for liten. Ferja kunne ta 330 passasjerar og 14 bilar. I 1972 vart overbygget demontert og ho fekk nytt overbygg på babord side. Bildekket vart òg forsterka og det vart montert hydrauliske fallemmar, i tillegg til at skansekledinga vart fornya. Samstundes fekk ferja ny motor. Ferja kunne no ta 18 bilar, men passasjertalet vart minka til 150. Ferja heldt fram i same ruta til 1978.
I 1978 vart ho kjøpt av Lofoten Trafikklag i Svolvær og ho fekk namnet «Lofotferje II». Alt i 1981 kjøpte MRF ferja attende og ho fekk no namnet «Edøy» og sett inn i ruta Molde-Sekken. I 1997 vart det utført ein del moderniseringsarbeid med mellom anna ny salonginnreiing. I 1990-åra vart ferja nytta i TV-serien Julefergå, som gjekk i adventstida fram mot jul.
Ferja var lenge det eldste fartøyet i drift for MRF, og var framleis i flåten då MRF vart ein del av Fjord1. I 2007 var det slutt og i desember 2007 vart ho selt som arbeidsfartøy til Leknes Sjøtransport i Haugesund og i 2008 vart ho ombygd. Fram til mai 2009 låg ho i opplag i Haugesund før ho vart seld til Nordive AS i Kvalsund/Hammerfest i Finnmark. Dei gav ho namnet «Nordive I». I desember 2011 vart båten seld vidare til Holmgrens Sjøservice i Kvalsund/Hammerfest og vart omdøypt «Sjøservice I». Båten er framleis i drift.
Kjelder
endre- Hvor ble båtene av?. Historiegruppen ved Aker Stord. 2000. s. 26-27. ISBN 8299572606.
- «Sjøservice I, ex. Gjemnes» (på tysk). Fjordfähren in Norwegen. Henta 28. desember 2012.