MF «Nordhordland» (1965)
(Omdirigert frå MF «Halsnøy» (1995))
MF «Halsnøy». Foto: Harald Sætre | |
Karriere | Noreg |
---|---|
Namn: |
MF «Nordhordland» etter 1976 MF «Meland» |
Eigar: |
Bergen-Nordhordland Trafikklag, etter 1974 Bergen-Nordhordland Rutelag |
Verft: | Haugesunds Slip i Haugesund |
Verftsnummer: | 6 |
Sjøsett: | 1965 |
Heimehamn: | Bergen |
Kjennemerke: | LFJX |
IMO-nummer: | 6510643 |
Generelle mål | |
Type: | Bilferje |
Tonnasje: | 320 bruttotonnregister, 155 nrt |
Lengd: | 161,2 fot (49,13 m) |
Breidd: | 34,9 fot (10,64 m) |
Djupgang: | 9,8 fot (2,99 m) |
Installert effekt : | 600 bhk |
Framdrift: | 4cyl. 2T DM (Wichmann Motorfabrikk, Rubbestadneset) |
Fart: | 10-12 |
Passasjerar: | 193 passasjerar |
Bilar: | 40 køyretøy |
Generelle mål etter ommåling i 1994 | |
Tonnasje: | 407 bruttotonnregister, 140 nrt |
Karriere | Noreg |
Namn: | MF «Halsnøy» |
Eigar: | Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap |
Kjøpt: | Januar 1995 |
Heimehamn: | Bergen |
Karriere | Kroatia |
Namn: | MF «Moli» |
Eigar: | Trajekt d.o.o. |
Kjøpt: | Juli 2005 |
Heimehamn: | Split |
MF «Nordhordland», seinare MF «Meland» og MF «Halsnøy», og i dag MF «Moli», er ei bilferje levert frå Haugesunds Slip i Haugesund i april 1965 til Bergen-Nordhordland Trafikklag. I 1974 skifta reiarlaget namn til Bergen-Nordhordland Rutelag og i 1976 fekk ferja namnet MF «Meland».
I januar 1995 vart ferja innkjøpt av Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD).
Ferja vart seld til Kroatia i juli 2005 og selskapet Trajekt d.o.o. Ho fekk då namnet «Moli». I oktober 2014 var ferja framleis i fart.
Ferjesamband
endre- 1965 - desember 1966: Steinestø-Knarvik
- Garnes-Haus
- 1979-1987: Garnes-Haus
- 1991-1994: Flatråker-Jektevik-Nordhuglo
- ? - ?: Leirvik-Ranavik-Sunde
- Fram til 2005: Reserveferje og i opplag
- sommaren 1999: Kvanndal-Utne-Kinsarvik
- 2005 - ... Drvenik- Domince (berre om sommaren)
Kjelder
endre- Skipet.no
- «Nordhordland» på Fjordfähren (tysk) Arkivert 2015-09-24 ved Wayback Machine.