Bergen Nordhordland Rutelag

(Omdirigert frå Bergen-Nordhordland Rutelag)

Bergen Nordhordland Rutelag var ei norsk transportverksemd basert i Hordaland.

Bergen Nordhordland Rutelag
Org.formAllmennaksjeselskap
Org.nr.928908313
BransjeKollektivtransport, sjøfart, transport
Skipa1. januar 1974
Forgjengar(ar)Indre Nordhordland Dampbåtlag, Bergen–Nordhordland Trafikklag
HovudkontorOsterøy kommune
LandNoreg
Ein eldre Tide buss, framleis med sine svart/blå/lyseblå BNR-striper.

Historie

endre

Verksemda hadde røtene sine heilt tilbake til 1880, med opprettinga av Lindaas-Masfjorden Dampskibsselskap. Gjennom åra vart det ei rekkje samanslåingar, A/S Bergen Nordhordland Trafikklag vart etablert på 1950-talet då Alværsund & Manger Dampbåtlag A/S og Lindås-Masfjorden Dampskibslags Bilruter slo seg saman. BNR vart oppretta i 1974 med samanslåinga av BNT, Indre Nordhordland Dampbåtlag og Arna-Osterøy Billag . Selskapet hadde buss og ferjeløyve i kommunane Meland, Lindås, Radøy, Austrheim, Fedje, Masfjorden og Osterøy og til Bergen. Bergen Nordhordland Rutelag var delt i to forretningsområde; Bildivisjonen som bestod av buss- og godsavdelingar i Knarvik og Lonevåg, og reiarlaget som bestod av innanriksferjene og Fjord Line AS.

Den 1. januar 2002 gjekk buss og ferjedrifta av BNR inn i HSD ASA, medan Fjord Line AS fortsette som uavhengig selskap. I 2004 starta BNR oppatt snøggbåtdrifta, då med tidlegare BNR aksjonær Einar Nistad som hovudeigar. BNR driftar i dag to snøggbåtsamband og har på nytt fått konsesjon for drift av snøggbåt mellom Knarvik og Bergen. BNR har i tillegg kontrakt for transport av cruise-turistar.

BNR-eigde skip

endre
  • MS «Snarveien», bygd i 2005
  • MS «Hardangerprins», bygd i 1991
  • MS «Kyst Express», bygd i 1986
  • MS «Fjord Express», bygd i 1984, forlenga i 2006
  • MS «Sea Express», (innleigd)

Tidlegare BNR-eigde skip

endre

Bilferjer

endre
  • MF Fedjefjord
  • MF Lindås
  • MF Nordhordland (1965), no Moli
  • MF Nordhordland (1976), no Stella
  • MF Oster, no Reet
  • MF Seimstrand, no Rosendal
  • MF Lygra, no Mount Barbary
  • MF Masfjord, no Gudvangen
  • MF Masfjord, no Marstein
  • MF Austrheim (1976), no Bogøy
  • MF Alversund, no Sogn
  • MF Austrheim (1986), no Bastø IV
  • MF Bjørn West, tidlegare Tyr
  • MF Bruvik, no Ebba
  • MF Fedje, no Admiral Bay
  • MF Hamre, no Nidaros
  • MF Haus, no Tomma
  • MF Seimstrand, no Stordal
  • MF Radøy, no Eiksund
  • MF Radøy, no Amalie

Snøggbåtar

endre
  • MS «Lygra» snøggbåt seld til austen
  • MS «Manger» snøggbåt seld til austen
  • MS «Rongevær» bygd i 1971, seld til TSF v/ Trygve Tønnessen i 1989
  • MS «Ramsøy» bygd i 1981, seld til TSF v/ Trygve Tønnessen i 1998

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Bergen Nordhordland Rutelag