Huglo(1962).jpg
Foto: Harald Sætre.
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Huglo»
Eigar: Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap
Verft: Stord VerftLeirvik
Verftsnummer: 166
Sjøsett: 1962
Teke ut av teneste: 1980
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: JXSI
Generelle mål
Type: Bilferje
Tonnasje: 155 bruttotonnregister, 61 nrt
Lengd: 88,6 fot (27,0 m)
Breidd: 27,2 fot (8,3 m)
Djupgang: 10,1 fot (3,1 m)
Installert effekt : 300 bhk
Framdrift: 3cyl. 2T EV DM (Wichmann Motorfabrikk)
Fart: 12
Passasjerar: 150 passasjerar
Bilar: 12 køyretøy
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MF «Ulla-Føre»
Eigar: Hans Norland
Sett i teneste: Juni 1980
Heimehamn: Jørpeland/Stavanger
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MF «Bjørneland»
Eigar: Landsnes Fisk & Transport A/S
Sett i teneste: Mai 1987
Heimehamn: Helgøysund/Stavanger
Karriere Flag of Finland.svg Finland
Namn: MF «Björneland»
Eigar: J. Valto Oy-Ab
Sett i teneste: Juni 1989
Heimehamn: Sysmä
Karriere Flag of Finland.svg Finland
Namn: MS «Linta»
Eigar: 1989: J. Valto Oy-Ab
1996: Oy Päi-Ke Matkailu Ab
2002: JS Ferryway Ltd.
Sett i teneste: 1989-2012
Heimehamn: 1989: Sysmä
1996: Kuhmoinen
2002: Åbo
Karriere Flag of Finland.svg Finland
Namn: MS «Isla»
Eigar: Kuljetus Savolainen Oy
Sett i teneste: 2014
Heimehamn: Ähtäri

MF «Huglo», i dag MS «Isla», er ei bilferje bygd for Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD) i juni 1962. Ferja vart bygd ved Stord Verft som det 166. fartøyet bygd der. Ferja går i dag i fart i Finland.

HistorieEndra

Ferja vart sett inn i ruta Løfallstrand-Gjermundshamn og Jektavik-Flatråker-Nordhuglo. Frå 1973 gjekk ho i ruta Jondal-Tørvikbygd og somrane 1975, 1976 og 1978 i ruta Hatvik-Venjaneset.

Ferja vart i juni 1980 selt til Simon Møkster i Stavanger og same månad seld vidare til Hans Norland som omdøypte ferja «Ulla-Førre». I mai 1987 kjøpte Landsnes Fisk & Transport A/S i Helgøysund ferja og gav ho namnet «Bjørneland».

Ferja vart selt til Finland i juni 1989 for selskapet J. Valto Oy-Ab i Sysmä. Ho fekk først namnet «Björneland» og så i august same året namnet «Linta». Ferja vart ført til Mantyluoto og så over land til innsjøen Vesuärvi. Fram til 1996 gjorde ho rundturar på sjøen. I 1996 vart ho selt vidare til Oy Päi-Ke Matkailu Ab i Kuhmoinen og gjekk i rute mellom Kuhmoinen og Sysmä. Ferja vart i februar 2002 seld til JS Ferryway Ltd. Oy i Åbo og renovert.

Frå 2003 til juli 2011 gjekk ho i sommarute i skjergarden kring Åbo, i ruta Nagu/Nauvoo-Själö/Seilin Saari-Hanka. Ferja fekk i januar 2012 namnet «Isla» og i juli same året vart ho sett i Nystad. I 2013 vart ferja kraftig ombygd og fekk nye motorar på eit verft i Teijo/Tykö, mellom anna fekk ho nytt styrehus frå «Stella», som tidlegare var båten MF «Vengsøy». Frå 2014 går ferja i Rymättylän-ruta for Haapala i skjergarden utanfor Åbo i Bottenvika. Kontraktsperioden går frå 2014 til 2023.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra