MF «Skånevik» under innsegling til Kaupanger i 2016
Foto: Tore Sætre
Karriere  Noreg
Namn: MF «Skånevik»
Eigar: Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap
Verft: Ulstein mek. Verksted i Ulsteinvik
Verftsnummer: 47
Sjøsett: 1967
Teke ut av teneste: 2005
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: LLVX
IMO-nummer: 6714823
Generelle mål
Type: Bilferje
Tonnasje: 378 bruttotonnregister, 143 nrt
Lengd: 145,4 fot (44,3 m)
Breidd: 32,6 fot (9,9 m)
Djupgang: 8,0 fot (2,4 m)
Installert effekt : 900 bhk
Framdrift: 2x 3cyl. 2T EV DM (Wichmann Motorfabrikk)
Fart: 12
Passasjerar: 350 passasjerar
Bilar: 30 køyretøy
Generelle mål etter ommåling i 1995
Tonnasje: 566 bruttotonnregister, 169 nrt
Karriere  Noreg
Eigar: Ferjelaget Skånevik
Sett i teneste: 2005
Heimehamn: Haus

MF «Skånevik» er ei bilferje levert frå Ulstein mek. Verksted i Ulsteinvik i juni 1967 til Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD).

Skroget vart levert frå Molde Verft A/S i Hatlestrand.

Ferja gjekk i rute i Sunnhordland fram til 2001. I 2002-2004 låg ho i opplag og vart nytta som reserveferje. 21. februar 2005 vart ferja selt til Stiftinga Brørvikskuto (Arne Laastad) i Bergen og same året selt vidare til Ferjelaget Skånevik. Ferja vart freda 2. august 2006 av Riksantikvaren då ein ynskte å bevare ei bilferje av stål fra tida etter andre verdskrigen for ettertida. Fredninga omfatter derfor heile fartøyet med fast inventar og utstyr. Ferja er framleis i drift som veteranskip.

Ruter

endre
 
MF «Skånevik» ved kai i Fjærland Foto: C. Hill, 2011

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre