Ulstein Group

Ei gruppe selskap innan maritim industri
(Omdirigert frå Ulstein mek. Verksted)

Ulstein Group ASA er eit norskeigd og familieeigd industrikonsern med aktivitetar innan designutvikling og bygging av skip, kraft- og kontrollsystem og maritime system og løysingar. Hovudkontoret er i Ulsteinvik i Møre og Romsdal fylke, eit viktig område for den norske maritime klynga.

Ulstein Group

Org.formAllmennaksjeselskap
Org.nr.980489876
BransjeSkipsbygging
Skipa1917
HovudkontorUlstein
LandNoreg
Nettstadhttps://ulstein.com (norsk)
Ulstein Verft sett frå lufta. Ulstein Verft er eitt av selskapa i Ulstein Group.
Ulstein Group sitt hovudkvarter på Osneset i Ulsteinvik.

Gunvor Ulstein er konsernsjef i Ulstein Group ASA[1] og styreleiar er Tore Ulstein. Ulstein Verft er det største selskapet.

Historie

endre

Dagens Ulstein Group har opphav i Ulstein Mekaniske Verksted,[2] som Martin Ulstein starta i 1917.[3]

Dotterselskap

endre
  • DESIGN & SOLUTIONS
    • Ulstein Design & Solutions AS
    • Ulstein Design & Solutions B.V.
    • Ulstein Power & Control AS
    • Ulstein Poland LTD SP. Z.O.O
    • Ulstein Marine Systems (Shanghai) CO Ltd.
    • Ulstein Marine Equipment (Ningbo) CO Ltd
    • Ulstein Electrical Technology (Ningbo) CO Ltd
  • SHIPPING
    • Ulstein Shipping
    • Blue Ship Invest
  • ANDRE
    • Blue Ctrl AS

Ulstein Verft spesialiserer seg på å bygge avanserte skip, og har dei seinare åra bygd kabelleggarar, ekspedisjonscruiseskip, serviceskip til havvindindustrien, yacht og Ropax-hybridferje. Verftet har også bygd ei rekke skip for offshore olje og gass. To av dei seinaste nybygga frå verftet er kabelleggaren Nexans Aurora (2021) og ekspedisjonscruiseskipet National Geographic Resolution (2021). Hovudsatsinga er på nybygg og større ombyggingar, men verftet tek også på seg større reparasjonar, oppgraderingar, klassing, sliping, maling, kran- og løftearbeid. Ei avdeling i verftet tilbyr også transport- og kranløfttenester langs kysten.

X-BOW, X-STERN og TWIN X-STERN

endre

Mange, men ikkje alle, skipa som vert bygde er baserte på Ulstein sine eigne skipsdesign, Ulstein-design, der skroginnovasjonane X-BOW, X-STERN[4] og TWIN X-STERN[5] ofte er innarbeidde. X-BOW blei tildelt Årets Ingeniørbragd av Teknisk Ukeblad i 2005.[6] 10 år etter markerte konsernet meir enn 100 selde X-BOW-design.[7]

Kjelder

endre
  1. «Management changes in Ulstein Group», Ulstein (på engelsk), 29. november 2023, henta 8. desember 2023 
  2. Skaparglede i 90 år (PDF), ulstein.com, henta 9. mars 2021 
  3. «Ulstein 100 år», Maritimt Magasin (på norsk bokmål), 9. august 2017, henta 9. mars 2021 
  4. Stensvold, Tore (26. august 2014), «Ulstein med X-Bow i begge ender», Tu.no (på norsk), henta 9. mars 2021 
  5. John Inge Vikan. «Satsar på innovativt ‘Ulstein Twin X-Stern’ SOV-konsept» (på norsk). Maritimt Magasin. Henta 8. desember 2023. 
  6. «Skipsdesign ble Årets ingeniørbragd 2005», Tu.no (på norsk), 16. desember 2005, henta 9. mars 2021 
  7. «Ulstein feirer X-BOW nummer 100!», Metal Supply NO, henta 9. mars 2021 

Bakgrunnsstoff

endre