MF «Rosendal» (1975)
«Rosendal» i rute 2 ved kai i Gjermundshavn i Kvinnherad mars 2002. Foto av Harald Sætre. | |
Karriere | Noreg |
---|---|
Namn: | MF «Stryn» |
Eigar: | Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane |
Verft: | Mjellem & Karlsen i Bergen |
Verftsnummer: | 117 |
Sjøsett: | 1975 |
Heimehamn: |
1975-1979: Bergen 1979-1993: Måløy |
Kjennemerke: | JXTH |
IMO-nummer: | 7405936 |
Generelle mål | |
Type: | Bilferje |
Tonnasje: | 497 bruttotonnregister, 234 nrt |
Lengd: | 64,49 m |
Breidd: | 11,51 m |
Djupgang: | 3,1 m |
Installert effekt : | 1375 bHk |
Framdrift: | 5cyl. 2-takts DM (Wichmann Motorfabrikk i Rubbestadneset) |
Fart: | knop |
Passasjerar: | 240 passasjerar |
Bilar: | 44 køyretøy |
Karriere | Noreg |
Namn: | MF «Seimstrand» |
Eigar: | Bergen-Nordhordland Rutelag |
Kjøpt: | November 1993 |
Heimehamn: | Bergen |
Generelle mål etter ommåling i 1994 | |
Tonnasje: | 768 bruttotonnregister, 258 nrt |
Karriere | Noreg |
Namn: | MF «Rosendal» |
Eigar: | Hardanger Sunnhordlandske Dampskipselskap, seinare Norled |
Kjøpt: | Oktober 1998 |
Heimehamn: | Bergen |
Karriere | Noreg |
Namn: | MF «Rosendal» |
Eigar: | Torghatten Nord |
Kjøpt: | 2011 |
Heimehamn: | Tromsø |
MF «Rosendal» er ei bilferje bygd i 1975 for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane (FSF) som MF «Stryn». Dei første ni åra gjekk ho i indre Sognefjorden i sambandet Kaupanger-Revsnes(-Årdalstangen. I 1984 vart ho flytta utover i Sognefjorden til sambandet Dragsvik-Vangsnes, der ho gjekk fram til 1993.
Ferja vart då kjøpt av A/S Bergen-Nordhordland Rutelag og omdøypt «Seimstrand». Ho gjekk då i rute over Fensfjorden i sambandet Leirvåg-Sløvåg-Skipavik-Gråvik. I oktober 1998 vart ho kjøpt av HSD og omdøypt «Rosendal». Ho gjekk då i ruter i Sunnhordland. Den 27. juli 2010 grunnstøtte ferja ved Gjermundshavn på grunn av ein teknisk svikt i manøversystemet. Ingen personar vart skadd i ulukka.
I 2011 vart ferja kjøpt av Torghatten Nord og byrja å gå i ruta Forøy-Ågskardet
Ferjesamband
endre- 1975 - 1984: Kaupanger-Revsnes(-Årdalstangen
- 1984 - 1993: Dragsvik-Vangsnes (òg: Dragsvik-Hella og Hella-Vangsnes)
- 1993 - 1998: Leirvåg-Sløvåg-Skipavik-Gråvik
- 1998 - ? : Skjersholmane-Utbjoa
- kring 2001 - august 2010: Løfallstrand-Varaldsøy-Gjermundshamn
- August 2010 - desember 2010: Jektevik-Nordhuglo-Hodnanes
- 2011 - ?: Forøy-Ågskardet
Kjelder
endre- Den tyske nettstaden Fjordfähren in Norwegen Arkivert 2014-10-28 ved Wayback Machine.