MF «Stord» (1970)
(Omdirigert frå MF Stord (1970))
MF «Stord» i rute Sunde-Leirvik-Valevåg tidlig på 1980-tallet Foto: Harald Sætre | |
Karriere | Noreg |
---|---|
Namn: | MF «Stord» |
Eigar: | Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap |
Verft: | Hatlø Verksted i Ulsteinvik |
Verftsnummer: | 41 |
Sjøsett: | 1970 |
Teke ut av teneste: | 2013 |
Heimehamn: | Bergen |
Kjennemerke: | LNHK |
IMO-nummer: | 7023099 |
Generelle mål | |
Type: | Bilferje |
Tonnasje: | 485 bruttotonnregister, 227 nrt |
Lengd: | 44,37 m |
Breidd: | 10,60 m |
Djupgang: | 2,74 m |
Installert effekt : | 900 bhk |
Framdrift: | 6cyl. 2T EV DM (Wichmann Motorfabrikk) |
Fart: | 12 knop |
Passasjerar: | 385 passasjerar |
Bilar: | 30 køyretøy |
Generelle mål etter ommåling i 1996 | |
Tonnasje: | 675 bruttotonnregister, 243 nrt |
Karriere | Noreg |
Namn: | MF «Fusa I» |
Eigar: | HSD |
Heimehamn: | Bergen |
Karriere | Noreg |
Namn: | MF «Fusa» |
Eigar: | HSD |
Heimehamn: | Bergen |
Karriere | Cookøyane |
Namn: | «Shammah» |
Heimehamn: | Lagos i Nigeria |
MF «Stord», seinare MF «Fusa» og i dag «Shammah», er ei bilferje levert frå Hatlø Verksted i Ulsteinvik i juni 1970 til Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD).
I november 1986 vart ferja omdøypt «Fusa I» og i mai 1987 fekk ho namnet «Fusa». Ferja vart ombygd i 1995.
Ferja gjekk i rutefart for Tide Sjø i sambandet Fjelberg-Sydnes-Utbjoa-Skjersholmane frem til 31. desember 2010. I 2013 vart ferja selt og gjeve namnet «Shammah». Ho var sist sett i februar 2014 på veg fra Florø til Lagos.
Ferjeruter
endre- 1970 - 1987: Leirvik-Valevåg-Mosterhamn, òg Leirvik-Utbjoa og Leirvik-Halsnøy-Sunde
- 1983: Kinsarvik-Utne-Kvanndal
- 1987 - desember 1997: Hatvik-Venjaneset med avbrot
- 1993 - 1999: Kinsarvik-Utne-Kvanndal (periodevis)
- August 1996: Hanasand-Talgje-Ladstein-Fogn
- 1997 - juli 1999: Kinsarvik-Utne-Kvanndal
- November 1999 - juni 2000: Halhjem-Sandvikvåg
- Juli 2000 - mai 2001: Kinsarvik-Utne-Kvanndal
- Mai 2001 - desember 2010: Fjelberg–Sydnes–Utbjoa–Skjersholmane
- 2011-2012: Reserveferje
Kjelder
endre- Skipet.no
- «Stord»/«Fusa» på Fjordfähren (tysk) Arkivert 2017-09-08 ved Wayback Machine.