MS «Lønningdal II»

norsk skip
(Omdirigert frå MS Lønningdal II (1932))

Lønningdal I (høgre) og II (venstre) i 1930-åra
Karriere  Noreg
Namn: MS «Lønningdal II»
Eigar: Engel H. Lønningdal P/R,
Verft: Skaalurens Skibsbyggeri i Rosendal
Verftsnummer: 141
Sjøsett: 1932
Heimehamn: Os/Bergen
Kjennemerke: LGSH
Generelle mål
Type: Passasjerskip
Tonnasje: 185 bruttotonnregister, 120 nrt
Lengd: 97,2 fot (29,6 m)
Breidd: 23,8 fot (7,3 m)
Djupgang: 9,8 fot (3,0 m)
Installert effekt : 150 bhk
Framdrift: 2T EV RM (Wichmann Motorfabrikk)
Karriere  Noreg
Namn: MS «Bjoa»
Eigar: Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap
Sett i teneste: 1951
Teke ut av teneste: 1967
Lagnad: Selt 1967 og rigga ned til lekter og tønnelager.
I 1969 skadd under brann og søkkt av eigaren.
Generelle mål etter ny motor 1938
Installert effekt : 320 bHK
Framdrift: 4cyl. 2T EV Wichmann RM

M/S «Lønningdal II» er eit motorskip bygt i 1932 for Engel H. Lønningdal P/R i Os/Bergen og var sidan i flåten til Hardanger Sunnhordlandske Dampskibsselskap (HSD) frå 1951 til 1967.

Historie endre

Skipet vart levert i 1932 frå Skaalurens Skibsbyggeri i Rosendal til Engel H. Lønningdal i Os. Ho gjekk i fast rute Bergen-Fusa-Hardanger-Odda og konkurrerte med HSD sine ruter i området. I 1938 fekk ho ny motor.

Under andre verdskrigen vart ho rekvirert av tyskarane og nytta som transportskip mellom Molde og Åndalsnes. Ho kom attende til Bergen 3. august 1945. Hausten 1945 vart ho leigd ut til Det Midthordlandske Dampskibsselskab, som hadde tapt eit fartøy i Fusa, og vart nytta i ruta Bergen-Os-Tysnes. Lønningdal II gjekk attende til ruta Bergen-Fusa-Hardanger-Odda i desember 1947 då Midthordlandske fekk det nye skipet sitt MS «Midthordland». Skipet vart ombygd i 1948.

3. januar 1952 vart det seld til Hardanger Sunnhordlandske Dampskibsselskap (HSD) som gav ho namnet «Bjoa» 1. mars 1952 og nytta ho i lokal fraktefart mellom Bergen og Sunnhordland. I 1962 vart ho lagt i opplag i Bergen og i oktober 1967 vart ho selt til Jørgen Jørgensen i Tysse i Samnanger og rigga ned til lekter og tønnelager. I 1969 vart ho sterkt skadd i ein brann nær Gaupholm i Samnanger, kondemnert og søkkt av eigaren.

Kjelder endre