Microsoft Windows
operativsystem
(Omdirigert frå MS Windows)
Microsoft Windows er ein serie operativsystem for datamaskiner utvikla frå IBM sin PC-teknologi. Første versjonen blei lansert i 1985 som eit grafisk grensesnitt lagt på toppen av MS-DOS. Frå og med Windows 95 har det vore eit fullverdig operativsystem, og har domineret PC-marknaden sidan 1980-talet.
Microsoft Windows | |||
| |||
Utviklar(ar) | Microsoft | ||
---|---|---|---|
Utgjeve | 20. november 1985 | ||
Nyaste versjon | 10.0.22000.556 (8. mars 2022)[1] | ||
Plattform | ARM, IA-64, MIPS, DEC Alpha, PowerPC, x86 | ||
Skrevet i | C, C++, assembler | ||
Skrivebordsmiljø | Windows Runtime, Windows API, .NET Framework, Universal Windows Platform, .NET Compact Framework, .NET, Windows Forms, WPF | ||
Oppdateringsmetode | Windows Installer, Microsoft Store, Windows Package Manager | ||
Lisens | proprietær lisens | ||
Nettstad | https://windows.com | ||
Føregangar | MS-DOS |
Utgåver frå og med Windows XP finst på nynorsk. Brukarar med ekte Windows kan laste ned språkgrensesnittpakkene gratis frå Microsoft.
Gjeldande versonar
endreFor skrivebordsmaskiner:
- Windows 7 (32-bit og 64-bit)
- Home Premium
- Professional
- Ultimate
- Starter
- Windows Vista (32-bit og 64-bit)
- Home Basic, versjon for heimebruk med eit minstekrav av funksjonalitet.
- Home Premium, versjon for heimebruk som inkluderer Aero-utsjånad og mediaprogramvare.
- Business, utvida nettverksstøtte, for kontor- og arbeidssbruk. Inkluderer ikkje Home-programvare.
- Enterprise, utvida versjon av Windows Vista Business.
- Ultimate, inneheld all funksjonalitet med fleire tillegg kalla 'Extras'.
- Starter, ein sterkt nedstrippa versjon for sal i utviklingsland.
- Windows XP
- Home Edition, versjon for heimebruk.
- Home Edition N, versjon for EU-marknaden, inkluderer ikkje medieavspelaren Windows Media Player.
- Professional Edition, utvida nettverksstøtte, for kontor- og arbeidssbruk.
- Professional Edition N, versjon same avgrensing som Home Edition N.
- Professional x64 Edition, som PE, men for datamaskiner med 64-bits prosessorar.
- Starter Edition, lett-versjon for sal i utviklingsland.
- Media Center Edition, til mediabruk i HTPC-er.
Tenarar
- Windows Server 2008
- Windows Server 2008 Standard: Fem klientlisensar.
- Windows Server 2008 Enterprise: 25 klientlisensar.
- Windows Server 2008 Datacenter: Lisensiert per prosessor.
- Windows Server 2008 for Itanium-baserte system: Lisensiert per prosessor.
- Windows Web Server 2008.
- Windows Server 2008 Standard utan Hyper-V: Fem klientlisensar.
- Windows Server 2008 Enterprise utan Hyper-V: klientlisensar.
- Windows Server 2008 Datacenter utan Hyper-V: Lisensiert per prosessor.
- Windows Server 2003
- Small Business Server: Opp til to prosessorar.
- Web Edition: Same med auka fokus på og betre støtte for web-tenarar.
- Standard Edition: Opp til fire prosessorar.
- Enterprise Edition: Opp til åtte prosessorar, støttar klynger.
- Datacenter Edition: Opp til 128 prosessorar.
- Storage Server: For nettverksbaserte lagringsmedia.
For mindre datamaskiner
- Portable Media Center, for digitale medieavspelarar.
- Windows Mobile, for telefonar og PDA-ar.
- Windows CE, for integrerte datamaskiner.
- Windows XP Embedded, for integrerte datamaskiner.
- Windows XP Tablet PC Edition, for mindre bærbare maskiner.