Madaya (arabisk مضايا) er ein liten fjellandsby i Syria, 1400 meter over havet.[1] Han er ein kjend feriestad.[2] Han ligg kring 40 km nordvest for Damaskus i Rif Dimashq guvernement ved Baradasjøen. Madaya får ofte snø om vinteren.

Madaya
مضايا
by
Land  Syria
Guvernement Rif Dimashq guvernement
Distrikt Zabadani-distriktet
Nahiyah Madaya
Høgd 1 608 moh.
Koordinatar 33°41′16″N 36°06′3″E / 33.68778°N 36.10083°E / 33.68778; 36.10083
Kart
Madaya i Syria
33°41′16″N 36°06′03″E / 33.687777777778°N 36.100833333333°E / 33.687777777778; 36.100833333333
Kart som viser Madaya i Syria.
Kart som viser Madaya i Syria.
Kart som viser Madaya i Syria.

Skildring

endre

Staden er kjend for det friske kjeldevatnet, fersk frukt og grønsaker og friskt klima. Somrane er tørre og kjølige og mange rike syrarar har ferieheimar i området. Staden har ein stor marknad (souq).

Historie

endre

Det er gjort funn av romerske graveringar og lekamar i åsane søraust for landsbyen. Madaya var ofte ein stad der opprørar mot styresmaktene søkte tilflukt. Det er sagt at under den islamske erobringa av Syria så var armeen til Khalid Ibn Alwaleed avhengig av hjelparar frå Madaya for å føre armeen hans til Ba'lbak etter Homs og Damaskus fall. I nyare tid, under det franske mandatet i Syria, søkte opprørarar frå Damaskus og andre stader tilflukt i landsbyen. I 1926 blei landsbyen totalt rasert av ein fransk kommandant for å skulla ha hjelpt opprørarar.[3]

Under den syriske borgarkrigen som braut ut i 2011 blei Madaya omleira i juli 2015 av regjeringsvennlege styrkar og den allierte libanesiske militsen Hizbollah.[4] I desember 2015 meldte Legar utan grenser at 23 menneske hadde døydd av svolt der[5] etter at ein total blokade hadde stoppa all mat og humanitær hjelp frå å nå byen sidan 18. oktober.[5]

Etter protestar frå SN[6] og fleire hjelpeorganisasjonar[7] klarte SN å forhandla fram ein avtale mellom dei syriske styresmaktene og opprørarane som heldt byen, og det blei leverte naudhjelp til byen 11. januar 2016.[8] 14. april 2017 blei våpenkvileavtalen frå Zabadani i 2015 innført, og 60 bussar transporterte 2 350 menneske, blant dei 400 opprørarar, frå Madaya og Zabadani til Idlib.[9]

Kjelder

endre
  1. «Madaya in Syria». Henta 28. juni 2014. 
  2. «Nordern Syria». Henta 28. juni 2014. 
  3. Rabbath, Edmond (1982). «L'insurrection syrienne de 1925-1927». Revue Historique 267 (2 (542)): 405–447. ISSN 0035-3264. 
  4. Khushbu Shah, Nick Paton Walsh and Peter Wilkinson, CNN (7. januar 2016). «Madaya: Syria allows aid into besieged city - CNN.com». CNN. 
  5. 5,0 5,1 «Siege and starvation in Madaya; immediate medical evacuations and medical resupply essential to save lives». Médecins Sans Frontières (MSF) International. Henta 14. januar 2016. 
  6. «Assistant Secretary-General for Humanitarian Affairs and Deputy Emergency Relief Coordinator, Kyung-Wha Kang Security Council Briefing on Syria, New York, 15 January 2016». ReliefWeb. Henta 23. januar 2016. 
  7. «Joint statement: An appeal to end the suffering in Syria [EN/AR/FR/SP/RU/CH]». ReliefWeb. Henta 23. januar 2016. 
  8. Kareem Shaheen (11 January 2016). «Trucks from aid convoy enter besieged Syrian town of Madaya». The Guardian. Henta 11. januar 2016. 
  9. Nabih Boulos (14. april 2017). «Syrians leave family, memories behind as tens of thousands are evacuated in previously brokered deal». Los Angeles Times.