Opna hovudmenyen

Idlib (arabisk ادلب, òg skrive Edlib eller Idleb) er ein by nordvest i Syria og hovdustaden i Idlib guvernement, 59 km vest for Aleppo. Han ligg nestne 500 meter over havet. I 2004 talde Statistisk sentralbyrå i Syria eit folketal på 98 791 i Idlib. Innbyggjarane er stort sett sunnimuslimar,[2] men det er òg ein større kristen minoritet. Idlib er delt inn i seks bydelar: Ashrafiyeh (den mest folkerike), Hittin, Hejaz, Downtown, Hurriya og al-Qusur.

Idlib
ادلب
by
Idlib2.jpg
Typsike olivenlundar i dalane kring Idlib
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement Idlib guvernement
Distrikt Idlib-distriktet
Høgd 500 moh.
Koordinatar 35°56′N 36°38′E
Folketal 98 791 (2004[1])
Retningsnummer 23
Syria location map3.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Idlib
Nettstad: eIdleb
Olivelundar i utkanten av byen. Idlib er eit stort senter for olivenproduksjon.

Idlibområdet er eit stort jordbrukssenter i Syria og er historisk viktig med mange «daudebyar» og menneskelagde tellar. Idlib omfattar den antikke byen Ebla, ein gong hovudstaden i eit mektig kongedøme,[3] den antikke kongedøma Nuhašše og Luhuti som blømde i bronse- og jernalderen.[4]

HistorieEndra

Den osmanske tidaEndra

Under Det osmanske riket i Syria, mellom 1500- og 1800-talet, var Idlib hovudstad i ein kada («nahiyahhovudstad») og ein del av det større Aleppo vilajet («provinsen Aleppo.»)[5] Byen var eit senter for olivenproduksjon som igjen gav opphav til ein lønsam olivenbasert såpeindustri. Sjølv omde i store marknadane for Idlib-såpe var Aleppo, Antiokia og Hama,[6] vart produktet eksportert så langt som den osmanske hovudstaden Istanbul. Idlib var òg ein storprodusent av bomullsfabrikkar.[7] Den vestlege turisten Josias Leslie Porter skreiv at Idlib var «omslutta av olivenlundar, sjeldan i dette nakne området.» Han skreiv òg at olivelundane var større enn dei i Damaskus, Beirut eller Gaza. Midt på 1800-talet hadde byen eit estimert folketal på 8 000, inkludert 500 kristne.[6] Seint på 1800-talet auka talet på kristne familiar i følgje tyske forfattarar som arbeidde for Karl Baedeker.[5]

KlimaEndra

Köppen-Geiger-systemet klassifiserer klimaet her som varmt Middelhavsklima (Csa).[8] Somrane er varme og regnfattige, medan vintrane er regnfulle og kjølige.

Varmerekorden er frå 16. juni 2012 og er på 44 ºC, medan kulderekorden frå 30. november 2011 er -4 ºC.[9]

Klimadata for Idlib
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Varmerekord °C 20 21 26 35 37 44 42 39 38 37 29 24 44
Normal maks. temp. °C 9.9 12.2 16.7 22.2 28 31.7 33.2 34.2 31.8 26.7 18.7 12.2 23 13
Døgnmiddeltemp. °C 6.2 7.7 11.3 15.8 20.9 25 27.1 27.8 25.1 20 13 8.1 17 33
Normal min. temp. °C 2.5 3.2 6 9.5 13.8 18.4 21 21.4 18.4 13.4 7.4 4 2,5
Kulderekord °C -2 -3 1 3 8 15 18 20 15 4 -4 -4 -4
Nedbør (mm) 97 88 59 41 18 5 0 0 6 25 41 93
Kjelde nr. 1: Climate-Data.org (altitude: 432m)[8]
Kjelde nr. 2: Voodoo Skies for temperaturrekordar[9]

ØkonomiEndra

Hovudnæringa i Idlib er oliven, bomull, kveite og frukt, særleg kirsebær.[3] Andre avlingar er mandelar, sesamfrø, fiken, druer og tomatar.[10] I 1995 var det kring 300 hektar med forskjellige sitrusavlingar.[11] Olivenoljepressing og tekstilar er somme av dei lokale industriane i byen.[10] Den nærliggande byen Aleppo har vore økonomisk viktig for Idlib.[3]

Idlib regionsmusem i byen har over 17 000 Ebla-tavler og er hovudattraksjonen i Idlib, om ein ser bort frå sjølve antikkbyen Ebla. Ved hjelp fra Italia starta eit prosjekt i 2010 for å restaurere og renovere museet.[12]

IdrettEndra

Omayya Idlib, grunnlagd i 1972, er den mest populære fotballklubben i byen. Klubben spelte i den øvste divisjonen i Syria i 2011-2012. Idlib stadion er den største fotballstadionen i byen.

GalleriEndra

KjelderEndra

  1. Idlib folketal
  2. Mroue, Bassem. «Syrian forces capture rebel stronghold near Turkey". The Salt Lake Tribune. Associated Press. 12. juni 2011. Henta den 12. juni 2011.
  3. 3,0 3,1 3,2 Casule, 2008, s.56.
  4. John David Hawkins. Inscriptions of the Iron Age: Part 1. s. 400. 
  5. 5,0 5,1 Baedeker, 1912, s.376.
  6. 6,0 6,1 Porter, 1868, s. 580.
  7. Inalcik, 1997, s.501.
  8. 8,0 8,1 «Climate: Idlib - Climate graph, Temperature graph, Climate table». Climate-Data.org. Henta 11. juni 2014. 
  9. 9,0 9,1 «Idlib i Syria». Voodoo Skies. Henta 11. juni 2014. 
  10. 10,0 10,1 Idlib in Syria. Encyclopaedia Britannica. Encyclopaedia Britannica Inc. 2012. Henta den 12. juni 2011.
  11. Food and Agriculture Organization of Dei sameinte nasjonane, 1996, s. 147.
  12. Ferrari, 2009, s. 522.

BakgrunnsstoffEndra