Karpe Diem
(Omdirigert frå Magdi Omar Ytreeide Abdelmaguid)
Karpe, tidlegare kjend under namnet Karpe Diem, er ei norsk rapgruppe, etablert i 2000. Gruppa består av Magdi Omar Ytreeide Abdelmaguid, Chirag Rashmikant Patel og DJ-en deira, Marius Thingvald (også kjend som DJ En som heter Marius).
Prisar
endreKarpe Diem vann Alarmprisen 2007 i klassen hip-hop/rap, Spellemannprisen 2008 i klassen hip-hop for plata Fire vegger og i 2011 blei dei kåra til Årets spellemann under Spellemannprisen 2010.[1]
Utgjevingar
endre- Glasskår – EP (2004)
- Rett Fra Hjertet (2006)
- «Piano» – singel
- «Show» – singel
- Fire vegger (2008)
- Aldri solgt en løgn (2010)
- Kors på halsen, ti kniver i hjertet, mor og far i døden – (2012)
- Heisann Montebello – (2016)
- MARS — EP, saman med Arif og Unge Ferrari (2018)
- SAS PLUS / SAS PUSSY – EP (2019)
- Omar Sheriff —(2022)