Spellemannprisen 2008
Spellemannprisen 2008 vart delt ut i Oslo Spektrum i Oslo laurdag 24. januar 2009. Espen Lind vart kåra til Årets spellemann, Madcon vann den nyoppretta prisen «årets eksportpris», og «Take on Me» med a-ha fekk eingongsprisen «tidenes VG-listelåt». Det vart delt ut prisar i heile 27 klassar dette året, det høgaste nummeret på prisar som har vore delt ut under ei Spellemannutdeling. Nytt av året var tre prisar til opphavsmenn som vart delt ut i samband med TONO. Dei tre klassane er «årets samtidskomponist»,« årets populærkomponist» og «årets tekstforfatter».
Då påmeldingsfristen gjekk ut i desember 2008, var det registrert 599 påmeldingar. Mellom desse vart dei nominerte i sjangerklassane plukka ut og offentleggjort 6. januar 2009 medan dei nominerte i opphavsprisane vart offentleggjort 12. januar. Vinnaren av dei ulike klassane, inkludert Årets spellemann, vart så kåra av ein jury, med unntak av kategoriane «årets musikkvideo», «årets hit» og spesialprisen «tidenes VG-listelåt». For desse fekk publikum høve til å stemme fram vinnaren. For prisane «Årets spellemann», «årets eksportpris» og «bransjeprisen» vart det på førehand ikkje offentleggjort nokon nominasjonar.
Prisen for årets musikkvideo vart delt ut dagen før hovudutdelinga på TV 2-programmet Fredag og gjekk til Madcon for videoen til songen «Liar» regissert av Kaveh Tehrani.
Prisutdelinga vart overført direkte på TV 2, med Harald Rønneberg og Thomas Numme som programleiarar.
Musikalske innslag under utdelinga
endre- Valkyrien Allstars og Keep of Kalessin opna arrangementet med felles opptreden
- Espen Lind, som seinare vart kåra til årets spellemann, framførte «Scared of Heights» på ukulele og «Sweet Love» på piano
- Ida Maria, som seinare mottok prisen for årets nykomar, framførte «I Like You So Much Better When You're Naked»
- Gjengen frå NRK-serien AF1 framførte kjenningsmelodien til serien
- Karpe Diem, som mottok prisen årets Hip-hop, framførte «Stjerner»
- Marit Larsen framførte «If a Song Could Get Me You»
- Vassendgutane framførte fleire av slagerane sine
- Helene Bøksle framførte tittelsporet til videospelet Age of Conan
- Datarock avslutta arrangementet
Vinnarar
endreKlasse | Artist | Tittel | Plateselskap |
---|---|---|---|
Kvinneleg artist | Maria Mena | Cause and Effect | Sony Music |
Mannleg artist | Thom Hell | God if I Saw Her Now | Voices Of Wonder |
Popgruppe | Real Ones | All for the Neighbourhood | Warner Music |
Elektronika | Lindstrøm | Where You Go I Go Too | Smalltown Supersound |
Samtidsmusikk | Ellen Ugelvik | George Crumb: Makrokosmos I-II | Simax Classics |
Rock | Lukestar | Lake Toba | Phone Me |
Blues | ORBO & The Longshots | High Roller | Blue Mood/Grappa |
Country | Ida Jenshus | Color of the Sun | Universal Music |
Metal | Enslaved | Vertebrae | Indie Recordings |
Hip-hop | Karpe Diem | Fire Vegger | Bonnier Music |
Folkemusikk/gammaldans | Gjermund Larsen Trio | Ankomst | Heilo |
Danseorkester | Ingemars | I Finnskogens Rike | Tylden & Co |
Jazz | Helge Lien Trio | Hello Troll | Ozella/Musikklosen |
Klassisk musikk | Henning Kraggerud | Eugéne Ysaÿe: Six Sonatas For Solo Violin | Simax Classics |
Viser | Halvdan Sivertsen | Mellom oss | EMI Music Norway/Nordaførr |
Open klasse | Farmers Market | Surfin’ USSR | Ipecac |
Barneplate | Trondheim Sinfonietta | Så rart...! | Øra Musikk as |
Årets samtidskomponist | Risto Holopainen | «Garbage Collection» | Mere Records |
Årets populærkomponist | Thom Hell | «Darling» frå albumet God If I Saw Her Now | Voices of Wonder |
Årets tekstforfattar | Odd Børretzen | «Paradise Bay» frå albumet Syv sørgelige sanger og tre triste' | BigBox Music |
Årets nykomar | Ida Maria | Fortress Round My Heart | Nightliner/Universal |
Årets hit | The BlackSheeps | «Oro jaska beana» | |
Årets musikkvideo | Madcon | «Liar» | Bonnier Amigo Music (Regi: Kaveh Tehrani) |
Årets spellemann | Espen Lind | ||
Årets eksport-pris | Madcon | ||
Bransjepris | Audun Tylden | ||
Tidenes VG-listelåt | a-ha | «Take on Me» |
Nominerte
endreKvinneleg artist:
- Ane Brun - Changing of the Seasons (Det Er Mine)
- Ingrid Olava - Juliet's Wishes (EMI Music Norway)
- Maria Mena - Cause and Effect (Sony Music)
- Marit Larsen - The Chase (EMI/Virgin)
Mannleg artist:
- Bjørn Eidsvåg - Pust (Petroleum/Sony Music)
- Julian Berntzen - Rocket Ship Love (Universal Music)
- Thom Hell - God if I Saw Her Now (Voices Of Wonder)
- Åge Aleksandersen og Sambandet - Katalysator (EMI Music Norway/Solregn)
Popgruppe:
- Lester - This Village (Deaf Ear Records)
- Real Ones - All for the Neighbourhood (Warner Music)
- The Margarets - Twenty Years Erased (Division Records as)
Elektronika:
- Lindstrøm - Where You Go I Go Too (Smalltown Supersound)
- Mental Overdrive - You Are Being Manipulated (Smalltown Supersound)
- Skatebård - Cosmos (Digitalo Enterprises)
Samtidsmusikk:
- Ellen Ugelvik - George Crumb: Makrokosmos I-II (Simax Classics)
- Nordic Voices - Djånki Don (Aurora)
- Rolf Wallin/Oslo Filharmoniske Orkester - Act (Ondine)
Rock:
- Grand Island - Boys & Brutes (Racing Junior)
- Lukestar - Lake Toba (Phone Me)
- Motorpsycho - Little Lucid Moments (Rune Grammofon)
- Tommy Tokyo and Starving for my Gravy - Smear Your Smiles Back On (Warner Music)
Blues:
- Good Time Charlie - Mojo Energy (Good Time Charlie Records)
- ORBO & The Longshots - High Roller (Blue Mood/Grappa)
- Rita Engedalen - The Tree Still Standing (Grammofon)
Country:
- Ida Jenshus - Color of the Sun (Universal Music)
- Ila Auto - Over the Next Hill (Auto Records)
- Rita Eriksen - Hjerteslag (BigBox Music as)
- Roy Lønhøiden - Når dagen demrer blått (NorskAmerikaner)
Metal:
- Benea Reach - Alleviat (Tabu Recordings)
- Enslaved - Vertebrae (Indie Recordings)
- Keep of Kalessin - Kolossus (Indie Recordings)
Hip-hop:
- Chris Lee - Worry No (Oslo Records)
- Karpe Diem - Fire Vegger (Bonnier Music)
- Madcon - An InCONvenient Truth (Bonnier Amigo Music)
Folkemusikk/gammaldans:
- Flukt - Stille før stormen (Etnisk Musikklubb)
- Gjermund Larsen Trio - Ankomst (Heilo)
- John Ole Morken - Slåtter fra Hessdalen, Haltdalen og Ålen (Etnisk Musikklubb)
- Ragnhild Furebotten & Tore Bruvoll - Hekla Stålstrenga (Ta:Lik)
Danseorkester:
- Ingemars - I Finnskogens Rike (Tylden & Co)
- Sogns - Det koster å vara kar (BigBox Music as)
- Steinar Engelbrektson Band - Rabalder (Tylden & Co)
Jazz:
- Helge Lien Trio - Hello Troll (Ozella/Musikklosen)
- Mathias Eick - The Door (ECM/Grappa)
- Moment - Paradiso (Schmell)
- Radka Toneff - Butterfly (Curling Legs as)
Klassisk musikk:
- Henning Kraggerud - Eugéne Ysaÿe: Six Sonatas For Solo Violin (Simax Classics)
- Leif Ove Andsnes & Det Norske Kammerorkester - Mozart: Piano Concertos 17 & 20 (EMI Classics)
- Trondheimsolistene - Divertimenti (Lindberg Lyd as)
Viser:
- Halvdan Sivertsen - Mellom oss (EMI Music Norway/Nordaførr)
- Odd Børretzen/Lars Martin Myhre - Syv sørgelige sanger og tre triste (BigBox Music as)
- Odd Nordstoga - Pilegrim (Universal Music)
- Vamp - St. Mandag (Majorstudio as)
Open klasse:
- Annbjørg Lien - Waltz With Me (Heilo)
- Farmers Market - Surfin’ USSR (Ipecac)
- Kronprinsesse Mette-Marit/Divsere artistar - Sorgen og gleden – H.K.H. Kronprinsesse Mette-Marits utvalgte salmer (Kirkelig Kulturverksted)
- Lars Horntveth - Kaleidoscopic (Smalltown Supersound)
Barneplater:
- Klaus Sonstad - Indianer Cowboy (Universal Music)
- Maj Britt Andersen - Pulverheksas jul (Egmont/Barneselskapet)
- Trondheim Sinfonietta - Så rart...! (Øra Musikk as)
Årets nykomar:
- Erlend Bratland - True Colors (Sony Music)
- Ida Maria - Fortress Round My Heart (Nightliner/Universal)
- Ingrid Olava - Juliet's Wishes (EMI Music Norway)
- Katzenjammer - Le Pop (Propeller Recordings)
Årets musikkvideo:
- Beady Belle - «Self-Fulfilling» (Jazzland Records/Sonet/Universal) Regi: Linda Fagerli Sætren
- Madcon - «Liar» (Bonnier Amigo Music) Regi: Kaveh Tehrani
- Madrugada - «Look Away Lucifer» (Malabar Recording Company) Regi: Andreas Nilsson
- Maria Mena - «All This Time» (Sony Music) Regi: Alex Herron
- Thom Hell - «My Heart os Longing for a Soul» (Voices Of Wonder) Regi: Hans Lukas Hansen og Håvard Bråthen
Årets hit:
- Erlend Bratland - «Lost»
- Espen Lind - «Scared of Heights»
- Maria Haukaas Storeng - «Hold On Be Strong»
- Marit Larsen - «If a Song Could Get Me You»
- The BlackSheeps - «Oro jaska beana»
Årets samtidskomponist:
- Ole-Henrik Moe jr - «Vent Litt Lenger» (Aurora)
- Risto Holopainen - «Garbage Collection» (Mere Records)
- Maja S.K. Ratkje - «River Mouth Echoes» (Tzadic)
Årets populærkomponist:
- Ingrid Olava – «Back to Love» frå albumet Juliet’s Wishes (EMI Music Norway)
- Thom Hell – «Darling» frå albumet God If I Saw Her Now (Voices of Wonder)
- Odin Staveland – «St. Mandag» frå albumet St. Mandag av Vamp (Majorstudio)
Årets tekstforfattar:
- Odd Børretzen – «Paradise Bay» frå albumet Syv sørgelige sanger og tre triste (BigBox Music)
- Bjørn Eidsvåg – «Jerusalem» frå albumet Pust (Petroleum/Sony Music)
- Jeff Wasserman – «Keep her from going to you» frå albumet Voodoo Without killing Chicken av Knut Reiersrud Band (KKV)
Kjelder
endre- Nettstaden ifpi.no Arkivert 2007-06-13 ved Wayback Machine.
Bakgrunnsstoff
endre- Denne artikkelen bygger på «Spellemannprisen 2008» frå Wikipedia på bokmål, den 8. juni 2009.