Magnhild Hagelia

norsk politikar

Magnhild Hagelia (fødd 6. mai 1904 i Aust-Agder død 4. juli 1996, daud 4. juli 1996) var ein norsk politikar for Arbeidarpartiet. Ho var den første kvinna som presiderte over eit møte i Lagtinget.

Magnhild Hagelia

Fødd6. mai 1904
Gjerstad kommune
Død4. juli 1996 (92 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv
Byste av Magnhild Hagelia utanfor rådhuset i Grimstad.

Bakgrunn endre

Hagelia var dotter av småbrukar Peder Jakobsen Hagelia (1874–1941) og Karen Tomine Pedersdotter Gryting (1881–1956).[1]

Ho var utdanna ved Jæren Folkehøgskule (1924–1925), tok Treiders handelsskole (1933–1934) og revisorkurs (1933–1934) og avla i 1938 eksamen i jordbruksbokføring.[1]

Etter ulike stillingar i handel og kontor vart Hagelia i 1939 forretningsførar i Gjerstad forsyningsnemnd og denne stillinga hadde ho til 1945. Frå 1945–1947 var ho kommunerevisor. Deretter var ho assistent ved Aust-Agder fylkesrevisjon 1948–1953 og fullmektig same stad 1953–1969.[1]

Politisk virke endre

Hagelia starta det politiske virket sitt i Lokalavdelinga til kommuneforbundet Arendal og omegn der ho var tillitsvald i åra 1928–1929.[1] Ho var i mellomkrigstida aktiv i ungdomslag og i IOGT. Ho var etter den andre verdskrigen aktiv i kommunepolitikken. I 1945 var ho medlem av kommunestyret i Fjære kommune. Frå 1955 til 1959 sat ho i Øyestad kommunestyre, 1967–1970 i Fjære formannskap og 1971–1972 i Grimstad bystyre.[1]

Hagelia var stortingsrepresentant for Aust-Agder i nærare 16 år. Ho vart vald til vararepresentant i 1945.[1] Frå 1950 vart ho vald til fast representant, med attval i 1954, 1958 og 1961. Hagelia sat i kommunalkomiteen, valkomiteen og administrasjonskomiteen. Ho var medlem av presidentskapet, sist som varapresident i Lagtinget 1961–1965. Ho vart då i 1962 første kvinne som leidde eit lagtingmøte.[2] I 1965 avslutta ho perioden sin som stortingsrepresentant.[1]

Som stortingsrepresentant deltok Hagelia som medlem av Stortingets gruppe av Den interparlamentariske union og i delegasjonen til Nordisk Råd.[1]

Utmerkingar endre

Hagelia vart i 1976 av kongen utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs orden «for samfunnsnyttig virke».[3] Ho var æresmedlem av Aust-Agder mållag. I 1986 vart ho tildelt Dialektprisen av Vest-Agder mållag.[1]

I 1994 fekk Grimstad kommune sett opp ei byste av henne i høve 90-årsdagen og i 2013 vart det reist ei byste av henne ved Almuestaua ved Gjerstad.[1][4]

Kjelder endre

  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 Magnhild Hagelia hjå Stortinget
  2. «Første kvinne som ledet et lagtingsmøte», Aftenposten, morgenutgaven 6. mai 1989, s. 16.
  3. Aftenposten, morgenutgaven 5. mars 1976, s. 2.
  4. «Hagelia-bysten på plass», Aust-Agder Blad, 10. juni 2013.

Bakgrunnsstoff endre