Magnus Moan
(Omdirigert frå Magnus Hovdal Moan)
Magnus Hovdal Moan (fødd 26. august 1983) er ein norsk kombinertløpar fødd på Lillehammer. Han vann OL-gull med Noreg i lagøvinga under vinter-OL 2014 i Sotsji, tidlegare i leikane tok han ein sølvmedalje i ei individuell tevling. Perioden januar 2004 til desember 2013 vann han 22 verdscuprenn. Moan representerer Byåsen IL i Trondheim.
Magnus Moan | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 26. august 1983 (41 år) Lillehammer kommune |
Idrett | kombinert, langrenn |
Tok del i | Vinter-OL 2010, Nordic combined at the 2006 Winter Olympics – individual Gundersen, Nordic combined at the 2006 Winter Olympics – sprint, Kombinert under Vinter-OL 2014 – Stor bakke, Kombinert under Vinter-OL 2014 – Lag |
Utmerkingar | Holmenkollmedaljen |
Aktiv
endreHan deltok med suksess i VM 2005 i Oberstdorf. Han gjekk for det norske laget som vann lagkonkurransen, fekk sølv i sprintkonkurransen og kom på fjerdeplass i det klassiske rennet (hopprenn + 15 kilometer).
Under OL 2006 i Torino tok han sølv på sprinten og bronse på normaldistansen etter å ha slått Petter Tande i eit spennande spurtoppgjer som vart avgjort på målfoto.
Bakgrunnsstoff
endre- Magnus Moan si heimeside Arkivert 2007-11-11 ved Wayback Machine.
- Biografi hjå FIS Arkivert 2006-03-12 ved Wayback Machine.