Mahalia Jackson

Mahalia Jackson (26. oktober 191127. januar 1972) var ein amerikansk gospelsongar med ei kraftfull alt-stemme. Ho er ofte blitt kalla den beste innan sjangeren nokon gong, eller «Dronninga av gospel». Mahalia Jackson er blitt ein av dei mest innverknadsrike gospelsongarane i verda, og er blitt hylla som både songar og borgarrettsforkjempar. I sjølvbiografien Mot de store høyder (Lutherstiftelsen 1969) fortel ho om livet og songen sin.

Mahalia Jackson
Mahalia Jackson Com L10-0125-0004.tif
Fødd26. oktober 1911
FødestadNew Orleans
Død27. januar 1972 (60 år)
DødsstadEvergreen Park
AliasHalie Jackson
OpphavUSA
Aktiv1927–1972
Sjangerjazz, blues, gospel, Negro spirituals
Instrumentvokal
Stemmetypealt
PlateselskapDecca Records, Apollo Records, Columbia Records
Verka somgospelsanger, musikar
PrisarGrammy Lifetime Achievement Award, Gospel Music Hall of Fame, Grammy Award for Best Inspirational Performance, stjerne på Hollywood Walk of Fame

LivEndra

Tidleg livEndra

Mahalia voks opp i New Orleans i Louisiana. Ho voks opp i ein storfamilie der ikkje mindre enn 13 menneske budde i same leilegheit. I tillegg til Mahalia sjølv, broren og mora, var mostrene hennar, deira barn og beseforeldra hennar. Far til Mahalia var bryggearbeidar, men blei seinare i livet pastor i ei baptistforsamling. Han var ikkje gift med mor til Mahalia, men dottera fekk likevel namnet hans. Då Mahalia var fem år, døydde mora, og ei av tantene overtok omsuta for dei to borna. Dei gjekk lite på skule, men måtte arbeida i staden. Det einaste lyspunktet i tilveret var den lokale baptistkyrkja og det å kunna synga i kyrkja.

Då ho var 16 år gammal, flytta Mahalia til Chicago og blei med i ein baptistkyrkjelyd her. I den første gudstenesta ho deltok i, song ho det som på den tida var favorittsongen hennar, «Hand me down my Silver Trumphet, Gabriel». Etter framføringa blei ho straks beden om å bli med i koret til kyrkjelyden. I 1929 møtte ho Thomas A. Dorsey, mannen bak songar som «Take My Hand, Precious Lord» og «Peace in the Valley». Dorsey gav henne undervising, og dei innleidde eit samarbeid som skulle vara i 14 år, der dei blant anna reiste rundt og heldt konsertar.

Ekteskap

Då ho var 25 år gammal, i 1936, gifta Mahalia Jackson seg med den ti år eldre Ike Hockenhull. Ekteskapet vart ikkje vellukka, noko som ikkje minst skulda spelegalskapen til ektemannen. Han tapte store summar, og freista å pressa koneatil å opptre oså i verdslege samanhengar og synga andre ting enn gospel. Det nekta ho, og ekteskapet blei oppløyst i 1941.

I 1950 blei Mahalia Jackson den første kvinnelege gospelsongaren som slapp til i Carnegie Hall i New York. Ho engasjerte seg i kampen for borgarrettane til afroamerikanarane saman med blant andre Martin Luther King jr. I samband med den store borgarrettsmarsjen i 1963, der King heldt den kjende talen «I have a dream», var ho med og song for ein kvart million menneske. Ved gravferda til King fem år seinare, etter skota i Memphis, song ho «Take my hand, Precious Lord»; ein song som på mange måtar var hennar signaturmelodi.

Død

Mahalia Jackson døydde 27. januar 1972, knapt 60 år gammal. Ho døydde av hjertesvikt som følgje av sukkersjuke. I 1969 hadde ho spelt inn si siste plate og hausten 1971 hadde ho sin siste konsert. Denne blei halden i Tyskland. Etter skilsmissa frå Ike levde ho åleine og hadde ingen barn. Ho oppretta difor eit fond som skulle gje stipend til unge afroamerikanarar som ynskjer å gå på college, men ikkje har råd.

DiskografiEndra

  • Sweet Little Jesus Boy (1954)
  • Mahalia Sings Songs Of Christmas (1956)
  • Silent Night (1962)
  • Christmas With Mahalia (1968)

KjelderEndra