Take My Hand, Precious Lord
«Take My Hand, Precious Lord» (òg kjend som «Precious Lord, Take My Hand») er ein amerikansk gospelsong. Teksten vart skriven av Thomas A. Dorsey (1899–1993), som òg handsama melodien.
«Take My Hand, Precious Lord» vart innlemma i Christian Music Hall of Fame i 2007.[1] Han vart òg innlemma i Songs of the Century av Recording Industry Association of America og National Endowment for the Arts. I 2012 vart Mahalia Jackson-versjonen av «Precious Lord, Take My Hand» innlemma i Grammy Hall of Fame Award.
Opphav
endreMelodien er tilskriven Dorsey, som baserte han på ein salmemelodi frå 1844 kalla «Maitland». Denne igjen er ofte tilskriven den amerikanske komponisten George N. Allen (1812–1877). Den eldste kjende kjelda, Plymouth Collection frå 1855, syner at Allen skreiv eller handsama teksten «Must Jesus bear the cross alone,» og ikkje skreiv melodien, medan sjølve melodien hadde vore på trykk i mange år med ukjend opphav. «Maitland» vert stundom tilskriven The Oberlin Social and Sabbath School Hymn Book,[2] som Allen redigerte, men denne samlinga inneheld ikkje musikk. Melodien dukka først opp i salmebøker som «Cross and Crown»; og namnet «Maitland» så tidleg som i 1868.[3] Dorsey sa at han brukte denne som inspirasjon.[4] Dorsey skreiv «Precious Lord» etter ha mista kona si, Nettie Harper og sonen sin under ein fødsel i august 1932.[5] Den tidlegare kjende innspelinga vart gjort 16. februar 1937 av the Heavenly Gospel Singers (Bluebird B6846).[6] «Take My Hand, Precious Lord» er publisert på meir enn 40 språk.[7]
Kjende versjonar
endre«Take My Hand, Precious Lord» var favorittsongen til Martin Luther King jr. og han inviterte ofte gospelsongaren Mahalia Jackson til å syngje han under borgarrettsmøte, og ho framførte songen i gravferda hans i april 1968. Dei siste orda til King før han vart myrda var at songen måtte spelast på ei gudsteneste han skulle på den kvelden. Operasongaren Leontyne Price framførte songen under gravferda til presidenten Lyndon B. Johnson i januar 1973,[8] og Aretha Franklin song songen i gravferda til Mahalia Jackson i 1972. Franklin spelte òg inn songen i eit konsertopptak på albumet Amazing Grace (1972) som ein medley med «You've Got a Friend». Han vart sungen av Nina Simone på Westbury Music Fair den 7. april 1968, tre dagar etter mordet på King. Den konserten vart dedisert til han og spelt inn på albumet 'Nuff Said!. Han vart òg framført av Ledisi i filmen Selma der Ledisi spelar Mahalia Jackson. Songen vart framført av Beyoncé under Grammyprisutdelinga den 8. februar 2015.
Innspelingar
endreMange kjende musikarar har spelt inn «Take My Hand, Precious Lord». Han vart spelt inn av Mahalia Jackson den 27. mars 1956, på albumet Bless This House (Columbia Records CL 899) med The Fall-Jones Ensemble: Mildred Falls (piano), Ralph Jones (organ).[9] Jim Reeves-versjonen er kanskje den mest kjende av dei alle. Han gav songen ut som B-sida til singelen «This World is Not My Home» i 1965.
- 1937 - Heavenly Gospel Singers
- 1938 - Emory Johnson (Decca 7546)
- 1938 - Alphabetical Four
- 1939 - Selah Jubilee Singers
- 1939 - Soul Stirrers (Down Beat 103)
- 1940 - Brother George
- 1941 - Sister Rosetta Tharpe
- 1943 - The Five Soul Stirrers
- 1948 - Blackwood Brothers Quartet
- 1949 - Floyd Dixon Trio
- 1951 - Brother Joe May
- 1951 - Jimmie Davis med The Anita Kerr Singers
- 1952 - Eddy Arnold og The Tennessee Plowboy
- 1954 - The Blind Boys Of Alabama Oh Lord, Stand By Me (Speciality)
- 1954 - Little Jimmy Dickens Old Country Church (Columbia)
- 1956 - Aretha Franklin frå Songs of Faith
- 1956 - Mahalia Jackson Bless This House (Columbia)
- 1957 - Jimmy Dean Hour of Prayer (Columbia)
- 1957 - Clara Ward Somebody Greater Than You & I (DOT)
- 1960 - Tennessee Ernie Ford What a Friend We Have (Capitol)
- 1957 - Elvis Presley frå Elvis' Christmas Album (RCA Victor)
- 1957 - Jimmy Dean
- 1958 - Roy Acuff Favorite Hymns (MGM)
- 1958 - Jimmy Wakely
- 1959 - Fern Jones
- 1959 - The Oak Ridge Quartet
- 1960 - B.B. King Sings Spirituals
- 1962 - Chet Atkins Plays Back Home Hymns (RCA Victor)
- 1962 - Roy Rogers og Dale Evans
- 1962 - Jim Reeves We Thank Thee (RCA Victor)
- 1963 - The Original Blind Boys of Alabama
- 1964 - Little Richard Coming Home (innspelt i 1959)
- 1964 - Larry Cunningham and The Mighty Avons
- 1964 - Jailbird Singers
- 1967 - Jimmy Durante Songs for Sunday
- 1967 - Cliff Richard
- 1968 - Nina Simone 'Nuff Said! (RCA)
- 1969 - Mocedades 'Pange Lingua (Zafiro)
- 1969 - Joan Baez
- 1969 - Andrae Crouch & The Disciples Take the Message Everywhere (Light)
- 1970 - Jim Nabors
- 1972 - Bill Anderson & Jan Howard
- 1973 - Link Wray
- 1973 - Eva Olmerová & the Traditional Jazz Studio
- 1973 - Buddy Terry
- 1974 - Bob Wallis Storyville Jazzmen
- 1974 - Ike and Tina Turner The Gospel According to Ike and Tina
- 1975 - Chris Barber med Alex Bradford
- 1978 - Fried Potatoes
- 1978 - Candi Staton
- 1978 - Lawrence Welk Hallelujah
- 1982 - Al Green
- 1982 - B.J. Thomas
- 1983 - Linda Hopkins
- 1984 - Jimmy Mazzy
- 1985 - Lillian Boutte and Her Music Friends
- 1986 - Jack Scott
- 1990 - James Baldwin - David Linx - Pierre Van Dormael
- 1992 - Lucky Peterson
- 1993 - Lonnie Donegan More Than «Pye in the Sky» (innspelt 1954–57)
- 1994 - Vickie Winans
- 1995 - Norbert Detaeye
- 1996 - Eilert Pilarm
- 1996 - Mavis Staples & Lucky Peterson
- 1996 - Bluiett's Barbeque Band
- 1997 - Recoil Unsound Methods
- 1998 - Gladys Knight Many Different Roads (MCA)
- 1998 - Pat Boone
- 2001 - Merle Haggard Cabin in the Hills
- 2002 - The Blind Boys of Alabama
- 2002 - The Charlie Daniels Band
- 2002 - P.J. Proby
- 2003 - Engelbert Humperdinck Always Hear the Harmony: The Gospel Sessions
- 2004 - Leon Hunt og Josh Clark med Pat Purchase
- 2004 - Katy Taylor
- 2005 - Randy Travis
- 2005 - Alan Ladd
- 2005 - Faith Hill Hurricane Relief: Come Together Now
- 2005 - Bill & Gloria Gaither med Their Homecoming Friends
- 2006 - Robert Johnson
- 2007 - Meta4
- 2010 - Rayburn Anthony
- 2011 - Teddy Rune
- 2011 - Ray Ellis
- 2013 - Lulu Roman
- 2014 - Ledisi Selma
- 2015 - Ronnie Earl & The Broadcasters
- 2015 - Peter Kent
- 2016 - John Long
Norsk versjon
endreOddbjørn Lønskog har skrive ein norsk tekst. På norsk har han tittelen «Herre kjær, ta min hånd». Ei svensk omsetjing med same tittel er sungen inn av Artur Erikson.
Innspelingar
endre- Liv Rise og Gjertrud Knudsen i ein duett kalla «Ta min hånd» med Knudsen på klaver. Tekstforfattar er ikkje gjeve. Songen vart innspelt i 1958 og gjeve ut på EP-plata Harmoni (HEP 110).
- Arvid Gundersen og Oddbjørn Lønskog spelte inn songen med orgel, piano og gitar. Han vart gjeven ut på singel i1 960 og på EP-plata Odeon.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Take My Hand, Precious Lord» frå Wikipedia på engelsk, den 5. oktober 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Christian Music Hall of Fame
- ↑ «Must Jesus Bear the Cross Alone» music, arkivert frå originalen 22. desember 2013, henta 5. oktober 2016
- ↑ «Maitland, Allen». hymnary.org. Henta 5. oktober 2016.
- ↑ Boyer, Horace Clarence. The Golden Age of Gospel (2000), University of Illinois Press, page 61 - ISBN 0-252-06877-7
- ↑ Shaw, Arnold. Honkers and Shouters: The Golden Years of Rhythm and Blues (1978), Macmillan Publishing Company, s. 8-11 - ISBN 0-02-610000-2
- ↑ Dixon, Robert M. W. Blues and Gospel Records: 1890-1943, Oxford University Press (1997), page 370 - ISBN 0-19-816239-1
- ↑ McNeil, W. K. Encyclopedia of American Gospel Music (2005), Routledge, page 107 - ISBN 0-415-94179-2
- ↑ Woods, Randall. LBJ: Architect of American Ambition (2006), Simon and Schuster, page 884 - ISBN 0-684-83458-8
- ↑ Columbia and Later Recordings, arkivert frå originalen 22. oktober 2009, henta 25. oktober 2009