Makrell i tomat er eit pålegg med bitar av fiskesorten makrell og saus av tomat.

Opna boks med makrell i tomat.

Makrell i tomat er eit populært pålegg i Noreg, og i følgje ei spørreundersøking i 2004 er dette ein av dei meste føretrekte påleggssortane.[1] Det vart starta med hermetisk produksjon på 1950-talet i Noreg. Det at makrell i tomat frå då av vart tilgjengeleg i hermetisk form, medførte at denne påleggssorten vart teken i bruk i stor skala.

Historie endre

 
Makrell i tomat, frå Stabburet AS, anno 2013.
Foto: Karl Ragnar Gjertsen

Stabburet AS har vore ein marknadsleiande leverandør av makrell i tomat i Noreg sidan 1958, etter ei oppskrift utvikla av Gunnar Nilsen og Svein Jervell.[2][3]

Skildring endre

Makrell i tomat er rekna for å vera særs sunt.[4] Det har eit høgt innhald av omega-3 fettsyrene, vitamin D og kalsium. I tillegg inneheld makrell i tomat òg ei rekkje andre vitamin og mineral, som t.d. vitamin A, vitamin E, vitamin B6, vitamin B12, jarn, magnesium og sink m.fl.

Referansar endre

  1. Spørreundersøkelse utført av TNS Gallup i januar 2004
  2. «Stabbur-Makrell Filet i tomatsaus». Stabburet. Arkivert frå originalen 10. mars 2016. Henta 9. mars 2016. 
  3. Anders Engen Sanden (28. mars 2008). «Siste sprell for Stabbur-makrell». nrk.no. Henta 9. mars 2016. 
  4. Christina Benjaminsen (9. mars 2016). «Forsket på nasjonalpålegget». GEMINI. Henta 9. mars 2016.