Malakkasundet
Malakkasundet er eit smalt havområde i Indiahavet som ligg mellom øya Sumatra i sør og Malayahalvøya i Søraust-Asia. Sundet grensar til landa Indonesia i sør, og Malaysia og Singapore i nord. Det strekker seg aust-vest og er 800 km langt. Det meste av sundet er mellom 50 og 300 km breitt,[1] på det smalaste er det berre 2,5 km breitt. Sundet munnar i aust ut i eit randhav til Stillehavet.
Malakkasundet | |||
sund | |||
Land | Mal:Landdata Indonesia, Malaysia, Singapore, Thailand | ||
---|---|---|---|
Malakkasundet 2°30′00″N 101°10′00″E / 2.5°N 101.16666669444°E | |||
Malakkasundet mellom Malakkahalvøya i nord og øya Sumatra i sør
| |||
Wikimedia Commons: Strait of Malacca |
Malakkasundet er verdas mest trafikkerte farvatn med ca. 50 000 skipspasseringar i året. Transporten gjennom sundet utgjer nær ein ¼-part av den totale utanrikshandelen i verda. Perioden 1995-2005 var sjørøveri til stor plage for skipstrafikken, med opptil over 200 årlege kapringar. Sidan har kyststatane i området forsterka patruljeringa av sundet, og sjørøveriet har minka mykje.
Kjelder
endre- ↑ «Malakkastredet» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Malackasundet» frå Wikipedia på svensk, den 6. januar 2011.