Sjørøveri er overfall på sjøfarande for å ta skip, varer eller menneske. Ein som driv med sjørøveri blir kalla sjørøvar eller pirat. Sjørøveri kan føregå frå eigne skip, ved at sjørøvarar gøymer seg ombord eller gjennom mytteri. Sjørøveri har truleg føregått så lenge det har vore sjøfart, og er kjend som eit problem frå antikken til moderne tid. Ei form for sanksjonert sjørøveri er kaperfart.

Sjørøvarar frå Somalia held mannskapet på den kinesiske fiskebåten «Tian Yu» fanga.
Foto: Jason R. Zalasky, 2008

Historie endre

 
Sjørøvaråtak på eit handelsskip. Måleri av Ambroise-Louis Garneray.

Sjørøveri har funne stad til alle tider og på mange ulike hav. Romarriket førte sjøkriger mot sjørøvarar i Middelhavet og vann ein definitiv siger i 67 f.Kr. I mellomalderen dreiv vikingar sjørøveri i store delar av Europa, og seinare var maurarar frå Barbareskkysten aktive i Middelhavet og buccaneers i Det karibiske havet. På 1800- og 1900-talet minka sjørøveri på verdshava, men var likevel lenge eit problem i mellom anna Søraust-Asia og Guineabukta. Malakkasundet hadde mange åtak tidleg i 2000-åra, og i andre halvdel av tiåret voks talet og omfanget på sjørøvaråtak utanfor Somalia kraftig.[1]

Lov og rett endre

Etter folkeretten er sjørøveri eit internasjonalt brotsverk. Ein kvar stat har rett til å kjempa mot sjørøveri på ope hav utan omsyn til kva land sjørøvarskipet høyrer heime i. Genèvekonvensjon av 1958 om det frie hav og SN sin havrettstraktat frå 1982 slår fast at alle statar skal samarbeida for kjempa mot sjørøveri på ope hav.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Sjørøveri

Kjelder endre

«sjørøveri» i Store norske leksikon, snl.no.

  1. BBC News, The losing battle against Somali piracy, 10 February 2011
  Denne samfunnsartikkelen som har med historie å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.