Man Gave Names to All the Animals

Man Gave Names to All the Animals
Singel av Bob Dylan
frå albumet Slow Train Coming
B-side
  • «Trouble in Mind» (Frankrike)
  • «When He Returns» (Europa)
  • «When You Gonna Wake Up?»(USA)
Språk engelsk
Utgjeve 1979
Innspelt 4. mai 1979
Studio Muscle Shoals Sound Studios
Sjanger Rock, gospel
Lengd 4:25
Selskap Columbia Records
Komponist Bob Dylan
Tekstforfattar Bob Dylan
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Produsent Jerry Wexler
Barry Beckett
Bob Dylan-kronologi 
«Forever Young»
(1978)
Man Gave Names to All the Animals «Gotta Serve Somebody»
(1979)


«Man Gave Names to All the Animals» er ein song skriven av Bob Dylan som kom ut på albumet Slow Train Coming i 1979 og som singel i somme land i Europa. Han kom òg ut som ein promosingel i USA. Singelen vart ein hit i Frankrike og Belgia.[1][2] Songen er stundom omtalt som ein av dei verste Dylan skreiv.[2] Ei lesarundersøking i Rolling Stone i 2013 rangerte «Man Gave Names to All the Animals» som den fjerde verste Bob Dylan-songen, bak hitsingelen frå Slow Train Coming, «Gotta Serve Somebody» på andreplassen.[3]

Dylan spelte ofte «Man Gave Names to All the Animals» på konsertane sine mellom 1979 og 1981, og igjen på den europeiske turneen i 1987.[1][2]

«Man Gave Names to All the Animals» er blitt spelt av mange andre artistar, som Townes Van Zandt, som spelte inn songen i 1993 på albumet hans Roadsongs.[2] Teksten vart omgjort til ei barnebok i 1999 med illustrasjonar av Scott Menchin.[2] The Singing Kettle spelte denne songen i den andre episoden av den tredje BBC-TV-serien deira. The Wiggles spelte songen på albumet Furry Tales i 2013.

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Heylin, C. (2010). Still on the Road. Chicago Review Press. s. 143–144. ISBN 9781556528446. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Trager, O. (2004). Keys to the Rain. Billboard Books. s. 409–410. ISBN 0823079740. 
  3. «Readers' Poll: The 10 Worst Bob Dylan Songs». rollingstone.com. Arkivert frå originalen 19. november 2017. Henta 1. desember 2018.