Forever Young av Bob Dylan

Forever Young
Song av Bob Dylan
frå albumet Planet Waves
Språk engelsk
Utgjeve 1974
Innspelt 2.-6. november 1973
Sjanger Rock
Selskap Asylum Records
Komponist Bob Dylan, Jim Cregan, Rod Stewart, Kevin Savigar
Tekstforfattar Bob Dylan
Låtskrivar(ar) Bob Dylan

«Forever Young» er ein song av Bob Dylan. Songen kom først ut (i to utgåver) på albumet Planet Waves i 1974.

Rod Stewart endre

Rod Stewart spelte inn ein song kalla «Forever Young», som vart gjeven ut som singel og på albumet hans Out of Order i 1988. Songen var merkverdig lik Bob Dylan sin song med same tittel, og hadde ikkje berre ein liknande melodi, men òg fleire liknande tekstlinjer. Etter trugsel om søksmål for plagiat, innrømte Stewart at han hadde utan medvit kopiert den eldre songen og gjekk med på å dele honorara med Dylan.

2009-remiks endre

I 2009 vart ein remiks av songen nytta i ein reklame for Pepsi med will.i.am som rappar eit vers.[1]

Andre utgåver endre

Norsk versjon endre

Håvard Rem skreiv ein norsk tekst til songen kalla «Evig Ung». Denne vart først spelt inn av Morten Harket på samlealbumet Lekekameratene - Kom ut og lek! i 1995. Åge Aleksandersen spelte inn den same teksten på albumet Fredløs - Dylan på norsk i 1997.

Kjelder endre

  1. WTF: Bob Dylan og Will.I.Am: «Forever Young» (Pepsi reklame) - Pitchfork http://pitchfork.com/news/34497-bob-dylan-to-sing-with-william-for-peps[daud lenkje]i/

Bakgrunnsstoff endre