Manabíprovinsen
Manabí (spansk uttale [manaˈβi]) er ein provins i Ecuador. Han har eit areal på rundt 19 400 kvadratkilometer og omtrent 1,6 millionar innbyggjarar ifølgje folketeljinga i 2022. Provinsen ligg i kystregionen av Ecuador ved Stillehavet. Hovudstaden er Portoviejo. Andre viktige byar inkluderer marinestasjonen Manta, Montecristi og Bahía de Caráquez.
Manabí | |||
provins | |||
|
|||
Land | Ecuador | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Portoviejo | ||
Areal | 19 427,64 km² | ||
Folketal | 1 592 840 (2022)[1] | ||
Språk | spansk | ||
Manabíprovinsen 0°45′00″S 80°05′00″W / 0.75°S 80.083333333333°W | |||
Kart som viser Manabíprovinsen.
| |||
Wikimedia Commons: Manabí Province |
Provinsen er delt inn i 22 kantonar, den mest folkerike kantonen er kantonen Portoviejo med ca. 323 000 innbyggjarar per 2022.
Geografi
endreManabíprovinsen ligg i det nordvestlege Ecuador ved Stillehavskysten. Han grensar i nord til Esmeraldasprovinsen, i aust til provinsane Santo Domingo de los Tsáchilas, Los Ríos og Guayas, i sør også til provinsane Guayas og Santa Elena, og i vest til Stillehavet.
Manabí har mange strender, særleg rundt Manta, Bahía de Caráquez og mellom San Vicente og Canoa, som er spesielt populære blant lokale turistar. I den sørlege delen av provinsen, rundt Puerto López, ligg Machalilla nasjonalpark, som dekkjer 40 000 hektar kystlinje og tropisk skog. I tillegg finst arkeologiske utgravingsstader, hovudsakleg frå manta-kulturen frå det 6. til det 16. hundreåret. Det er også funn frå eldre kulturar, som chorrera- og cachalilla-kulturane (2. og 1. tusenår f.Kr.) og calango-kulturen 3. tusenår f.Kr.
Økonomi og infrastruktur
endreManabíprovinsen er som alle kystprovinsar i Ecuador, landbruksdominert. Han er den viktigaste kaffidyrkingsregionen i landet. I tillegg blir kakao dyrka, bananar, mais, ris, bomull og mange tropiske frukter (som melonar, papaya og ananas). Det blir også drive med husdyrhald med storfe. Langs kysten finst fiskeri, og i dei nordlege delane av provinsen driftast det også rekeoppdrett.
I Montecristi, Jipijapa og områda rundt blir det fletta såkalla panamahattar, kjent som sombrero de paja toquilla, som blir eksporterte til heile verda.
Manta er ein av dei viktigaste hamnebyane i landet og også ein base for Ecuadors marine. Byen var tidlegare staden for ein amerikansk militærbase, Manta Air Base, ved den internasjonale flyplassen i Manta, som vart brukt under delar av Plan Colombia. Under den tidlegare presidenten Rafael Correa vart Manta Air Base stengt og tilbakeført til det ecuadorianske luftforsvaret.
Historie
endreI førkolumbiansk tid var Manabíprovinsen heimstad for Manta- og Cara-riket. Manta-riket låg i sør (omkring det som i dag er Manta, tidlegare kjent som Jocay), medan Cara-riket låg i nord, omkring Bahía de Caráquez, og strekte seg inn i det som i dag er Pichinchaprovinsen. Manta-folket, som hadde riket sitt frå ca. 500 e.Kr. fram til den spanske erobringa (omtrent 1535), var framifrå sjøfararar som på store flåtar reiste heilt til dagens Peru og Panama. Det finst til og med indikasjonar på reiser til Mexico og Chile.
Under spansk kolonistyre var området som i dag utgjer provinsen, ein del av Real Audiencia de Quito.
I oktober 1820 erklærte og oppnådde byane i dagens Manabí-provins gradvis sjølvstende og vart deretter ein del av Stor-Colombia. Den 2. august 1822 grunnla Simón Bolívar provinsen Portoviejo i Departamento de Sur (dagens Ecuador) i Stor-Colombia. Denne vart likevel styrt frå Guayaquil. Med lova om den territoriale inndelinga av Stor-Colombia den 25. juni 1824 vart Manabíprovinsen formelt skipa, og han omfatta kantonane Portoviejo, Montecristi og Jipijapa. Han tilhøyrde, som Guayasprovinsen, Departamento Guayaquil.
Kjelder
endre- Denne artikkelen er ei omsetjing av «Provinz Manabí» frå Wikipedia på tysk, den 13. oktober 2024.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Principales resultados» (på spansk). Henta 26. september 2023.