Santa Elena-provinsen
Santa Elena (spansk uttale [ˌsanta eˈlena]) er ein provins i Ecuador, oppretta 7. november 2007. Han består av dei tre kantonane Santa Elena, Salinas og La Libertad, som tidlegare tilhøyrde provinsen Guayas. Hovudstaden er Santa Elena. Provinsen har eit oljeraffineri, ein flyplass, ei hamn og omfattande turistinfrastruktur, spesielt i badebyen Salinas.
Santa Elena | |||
provins | |||
|
|||
Land | Ecuador | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Santa Elena | ||
Areal | 3 690,17 km² | ||
Folketal | 385 735 (2022)[1] | ||
Språk | spansk | ||
Santa Elena-provinsen 2°07′00″S 80°35′00″W / 2.1166666666667°S 80.583333333333°W | |||
Kart som viser Santa Elena-provinsen.
| |||
Wikimedia Commons: Santa Elena Province |
Geografi
endreProvinsen Santa Elena ligg lengst vest i Ecuador, sentralt plassert i nord-sør-retning på Santa Elena-halvøya, som strekkjer seg frå fastlandet av Ecuador ut i Stillehavet. Klimatisk er halvøya ei forlenging av kystørkenen nordvest i Peru. Klimaet er derfor hovudsakleg tørt og varmt.
Provinsen grensar i sør til Guayaquilbukta, i vest til det opne Stillehavet, i nord til Manabí og i aust til «moderprovinsen» Guayas.
Kjelder
endre- Denne artikkelen er ei omsetjing av «Provinz Santa Elena» frå Wikipedia på tysk, den 18. oktober 2024.
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Principales resultados» (på spansk). Henta 26. september 2023.
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. |