Opna hovudmenyen
Manaia sett frå Taurikura.

Manaia er ein åstopp på New Zealand eit dominerande landemerke om lag 30 kilometer søraust for Whangarei på halvøya Whangarei Heads.

Toppen reiser seg til 420 moh., og gir framifrå utsyn over oljeraffineriet Marsden Point Oil Refinery, Bream Bay og Haurakigolfen i sør, Whangarei Harbour i vest og Poor Knights Islands og kysten til Northland i nord.

Manaia er — saman med Mount Lion, Bream Head og øygruppa Hen and Chicken — spreidde restar av ein stor vulkan med ein diameter på 50 kilometer som hadde eit kraftig utbrot for 20 millionar år sidan, i den tidlege miocenperioden. Den taggete utsjånaden til toppen er lik nabofjella og andre restar etter vulkanutbrot i Northland frå same tid.

I dag er dei taggete tindane og bratte sidene til fjellet tilgrodde med skog og kratt, og fjellet er eit naturreservat under tilsyn av Miljøverndepartementet (Department of Conservation), som byr på ein godt vedlikehalden tursti for ein 1½ times fottur til toppen.

ReferansarEndra

FotogalleriEndra

BakgrunnsstoffEndra