Poor Knights Islands

Poor Knights Islands er ei gruppe ubygde øyer utanfor austkysten av regionen NorthlandNordøyaNew Zealand. Dei ligg 50 km nordaust for Whangarei, og 22 km utanfor kysten, midtvegs mellom Bream Head og Cape Brett.

Havet kring Poor Knights Islands er eit marint reservat med subtropiske arter

Øykjeda består av to større øyer, Aorangi og Tawhiti Rahi, med ei rekkje mindre øyer mellom desse to, der den største heiter Motu Kapiti. Namnet māoriane brukar om heile øykjeda er Tawhiti Rahi. Øyene er eroderte restar av ein fire millionar år gammal rhyolittvulkan. Det totale arealet til øyene er 24 km².

Øyene er verna som eit naturreservat, og ein må ha løyve for å fortøya båtar der eller gå i land. Slike løyve vert vanlegvis berre gjevne for vitskaplege føremål.

Havet 800 meter utfor øyene er eit marint reservat der det ikkje er tillate å uroa dei marine livsformene eller fjerna skjel eller steinar. Det er heller ikkje tillate med kommersielt fiske nærare enn ei nautisk mil (1 852 meter) frå øyene, og linefiske er det einaste tillatne fisket mellom ei og tre nautiske mil frå land. Det er populært å dykka kring øyene på grunn av dei mange artene av marin fauna som finst her. Øyene byr også på fascinerande landskapsformer som naturlege portalar og grotter.

Ein kjend lokal plante på øyene er ei lilje med imponerande blomeprakt, Poor Knights lily (Xeronema callistemon).

Det vert sagt at opphavet til namnet kjem av likskapen dei har til ein brødbasert pudding (Poor Knight's Pudding) som var ein populær matrett på den tida europearane oppdaga øyene.

Referansar endre

35°30′S 174°45′E / 35.500°S 174.750°E / -35.500; 174.750