Manawatu District
Manawatu er eit distrikt i regionen Manawatu-Wanganui på Nordøya på New Zealand.
Manawatu District | |||
Land | New Zealand | ||
---|---|---|---|
Areal | 2 624,115 km² | ||
Folketal | 30 800 (30. juni 2018) | ||
Manawatu District 40°05′35″S 175°46′55″E / 40.093°S 175.782°E | |||
Wikimedia Commons: Manawatu District |
Plassering
endre«The Manawatu», som distriktet til vanleg vert kalla, ligg sørvest på Nordøya, nær elva som har gjeve namn til det, Manawatu. Distriktet ligg nord for Wellington og strekkjer seg frå litt nord for busetnaden Himatangi i sør, til like sør for Mangaweka i nord, og frå Rangitikei River til Tararuafjella. Grensa mot sør følgjer Manawatu-elva, og distriktet omfattar ikkje området kring byen Palmerston North eller Ashhurst. Flatevidda i distriktet er 2 624 km².
Populasjon
endreFolketalet i distriktet er 29 300 (estimat i juni 2008)[2]. Den største byen og setet for distriktsstyret er Feilding, som har eit innbyggjartal på 14 350.[2] Mindre byar i distriktet er Halcombe, Himatangi, Bainesse, Bunnythorpe, Waituna West, Kimbolton, Apiti, Rangiwahia, Longburn, Rongotea, Pohangina, Tangimoana, Himatangi Beach og Sanson.
Lokalstyre
endreManawatu District vart danna ved samanslåing av dei tidlegare lokalstyrte områda (counties) Manawatu, Oroua, Kiwitea, Pohangina og ein del av Kairanga.
Distriktet er organisert i tre område (wards) som er:
- Feilding
- Kairanga
- Kiwitea-Pohangina
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 http://nzdotstat.stats.govt.nz/wbos/Index.aspx?DataSetCode=TABLECODE8277.
- ↑ 2,0 2,1 «Subnational Population Estimates». Statistics New Zealand. 23. oktober 2008. Henta 2. juni 2009..
- Denne artikkelen bygger på «Manawatu District» frå Wikipedia på engelsk, den 2. juni 2009.
Bakgrunnsstoff
endre- Historiske opplysingar om Manawatu District Arkivert 2012-07-16 ved Wayback Machine.