Mandel

(Omdirigert frå Mandlar)
For mandlane i svelget hjå menneske, sjå Tonsill.
Mandel
Mandel
Mandel
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Roseordenen Rosales
Familie: Rosefamilien Rosaceae
Underfamilie: Amygdaloideae
Stamme: Amygdaleae
Slekt: Kirsebærslekta Prunus
Art: Mandel P. dulcis
Vitskapleg namn
Prunus dulcis

Mandel er frukta av mandeltreet (Prunus amygdalus) i rosefamilien. Mandel er eigentleg ei steinfrukt, men blir gjerne rekna som ei nøtt. Mandlar er ein viktig ingrediens i fleire typar mat, som marsipan, bakverk som kransekake og omforma til mandelmjølk og mandelolje. Sistnemnde har fleire bruksområde.

Mandeltre i Spania

Mandeltreet stammar opphavleg frå Sentral-Asia, men veks no både dyrka og forvilla i dei fleste middelhavslanda.

Det har enkle blomar som typisk kjem før blada og er kvite eller rosa (søtmandel). Fruktkjøtet er seigt og lêraktig, lòdent og med ein gul stein som inneheld éin eller to mandlar (sistnmende er kjend som «filipine»). I Sør-Europa gjev eit tre ca. 25 kg frukt om året. Viltveksande tre (P. amygdalus var. amara) kan ha frø som smakar bittert, bittermandel. Dette kan brukast til å laga bittermandelvatn.

GalleriEndra

Sjå ògEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Mandel
  Denne biologiartikkelen som har med mat å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.