Mankesau

pattedyrart
Mankesau
Mankesau
Mankesau
Utbreiing og status
Status i verda: VU SårbarUtbreiinga av Mankesau
Utbreiinga av Mankesau
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Overorden: Paraxonia
Orden: Klauvdyr Artiodactyla
Familie: Kvegdyr Bovidae
Underfamilie: Caprinae
Slekt: Ammotragus
Art: Mankesau A. lervia
Vitskapleg namn
Ammotragus lervia

Mankesau (Ammotragus lervia) er ein klauvdyrart i oksefamilien som kjem frå Afrika nord for Sahara.

Mankesau lever i tørre fjellstrøk frå vestkysten av Afrika til Etiopia, særleg i høgtliggande ørken. Arten er stor og kraftig samanlikna med tamsau og geit. Bukken har kroppslengd 155–165 cm, høgd 90–100 cm og vekt opptil 140 kg; geita veg berre halvparten.

Dyra har lange, bakoverbøygde horn som kan bli opptil 84 cm lange hjå bukkar og 40 cm hjå geiter. Halsen har kort, opprettståande man, og brystet og forbeina har fyldig manke som når nesten til bakken. Pelsen er korthåra og raudbrun. Mankesau manglar halespegel. Halen er lang og flat, og er naken på undersida. Sauen har valkar på knea.

Grunna jakt har bestanden gått kraftig tilbake fleire stader. Det finst innførte bestandar i Spania og sørvestlege USA.

Kjelder endre

  • «Mankesau» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 15. november 2014.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Mankesau