Marco Mengoni
Marco Mengoni (fødd 25. desember 1988 i Ronciglione) er ein italiensk songar og låtskrivar. Han fekk det musikalske gjennombrotet sitt i 2009, då han vann den tredje sesongen av italienske X Factor. Sidan har han seld over 2,8 millionar plater i Italia og toppa den italienske hitlista sju gongar.
Marco Mengoni | |||
| |||
Fødd | 25. desember 1988 (35 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Ronciglione | ||
Opphav | Italia | ||
Aktiv | 2009– | ||
Sjanger | pop, ballade | ||
Instrument | vokal | ||
Plateselskap | Sony Music, RCA | ||
Verka som | songar-låtskrivar, songar | ||
Prisar | MTV Europes musikkpris for beste europeiske nummer, MTV Europes musikkpris for beste italienske nummer, MTV Europes musikkpris for beste italienske nummer |
I 2009 gav Mengoni ut debutsingelen «Dove si vola», etterfølgd av debut-EP-en med same namn. Låten gjekk til tops på den italienske hitlista for digitale nedlastingar. I februar 2010 deltok han i Sanremo-festivalen og blei nummer tre. Det fyrste studioalbumet til Mengoni, Solo 2.0, kom september same år og selde til gull.
I 2013 vann Mengoni Sanremo-festivalen med «L'essenziale». Med sigeren fekk han representere Italia i Eurovision Song Contest 2013 med same låt. «L'essenziale» blei også hovudsingelen på albumet Prontoacorrere, som gav han si fjerde topplassering på den italienske albumlista. Sidan har han gjeve ut ytterlegare fem studioalbum og ei rekkje EP-ar og singlar.
Mengoni har vunne fleire prisar og utmerkingar, blant anna to TRL-prisar, ni Wind Music Award, ni MTV Italian Music Awards og ein Kid's Choice Awards. I 2010 og 2015 vann han MTV Europe Music Award for beste europeiske artist – den fyrste italienske artisten til å vinne denne. I 2013 vann han også MTV European Music Award for beste søreuropeiske nummer. I 2023 vann han Sanremo-festivalen for andre gong, med låten «Due vite», og representerte Italia i Eurovision Song Contest 2023 med same låt.
Bakgrunn
endreMengoni blei kjend i Italia i 2009, då han vann den tredje sesongen av italienske X Factor.[1] Debut-EP-en hans, Dove si vola, nådde niandeplassen på den italienske albumlista, og singelen med same tittel nådde toppen av den italienske singellista i 2009.
I februar 2010 deltok Mengoni i den tradisjonsrike italienske songtevlinga Sanremo-festivalen med songen «Credimi ancora», der han enda på tredjeplass av femten deltakarar.[2] Songen var med på hans andre EP, Re matto, som gjekk rett til nummer 1 på den italienske albumlista. EP-en blei promotert gjennom ein omfattande turné i Italia som igjen resulterte i livealbumet Re matto live (2010).[3]
Det fyrste studioalbumet til Mengoni, Solo 2.0, blei gjeve ut i september 2010 og blei sertifisert til gull av Federazione Industria Musicale Italiana.
I 2013 deltok Mengoni på nytt i Sanremo-festivalen, og han vann tevlinga med songen «L'essenziale». Som følgje av sigeren blei han vald av kringkastaren Rai til å representere Italia i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö. Der framførte han «L'essenziale» som nådde ein sjuandeplass i finalen. Songen blei også hovudsingelen på albumet #prontoacorrere (2013). Albumet blei det fjerde som Mengoni toppa den italienske albumlista med.
I 2015 gav Mengoni ut albuma Parole in circolo og Le cose che non ho, som begge var del av det same artistprosjektet, det same var også livealbumet Marco Mengoni Live.
I løpet av sin karriere har Mengoni mottatt ei rekkje prisar og utmerkingar, blant anna to italienske TRL-priser, ni Wind Music Awards og ni MTV Italian Music Awards. I 2010 og 2015 vann han dessutan MTV Europe Music Awards for beste europeiske nummer, den fyrste italieneren som vann denne prisen. I 2013 vann han også MTV European Music Award for beste søreuropeiske nummer.[3]
Mengoni vann Sanremo-festivalen på nytt i 2023 med låten «Due vite» og representerte Italia i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool. Der enda han på fjerdeplass.[4]
Diskografi
endreStudioalbum
endre- 2011: Solo 2.0
- 2013: #prontoacorrere
- 2015: Parole in circolo
- 2015: Liberando palabras
- 2015: Le cose che non ho
- 2018: Atlantico / Atlántico
- 2021: Materia (Terra)
- 2022: Materia (Pelle)
Kjelder
endre- ↑ Andrea Laffranchi (2. desember 2009). «X Factor, vince Marco e va a Sanremo». Corriere della Sera (på italiensk). Henta 18. februar 2011.
- ↑ «Sanremo 2010, vince Valerio Scanu». TGCOM (på italiensk). 21. februar 2010. Arkivert frå originalen 16. august 2011. Henta 18. februar 2011.
- ↑ 3,0 3,1 «MarcoMengoni | Biography & History». AllMusic (på engelsk). Henta 10. februar 2019.
- ↑ «MarcoMengoni». eurovision.tv (på engelsk). Henta 18. mai 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Marco Mengoni» frå Wikipedia på bokmål, den 9. desember 2023.