Due vite
«Due vite» Song av Marco Mengoni | ||
Land | Italia | |
Språk | Italiensk | |
Utgjeve | 8. februar 2023 | |
Sjanger | Popballade | |
Lengd | 03:45 | |
Selskap | Sony Music | |
Komponist | Davide Simonetta | |
Låtskrivar(ar) | Marco Mengoni, Davide Petrella, Davide Simonetta |
---|
«Due vite» (norsk omsetjing: ‘to liv’) er ein italiensk popballade frå 2023 av og med Marco Mengoni. Låten vann den italienske musikkfestivalen Sanremo-festivalen og var det italienske bidraget til Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool.
Om songen
endre«Due vite» blei skriven av Mengoni saman med låtskrivarane og musikkprodusentane Davide Petrella og Davide Simonetta. Songen handlar om forholdet mellom det medvitne og det umedvitne. «Eg brukar mange timar i veka på tankane mine, og eg har innsett at det umedvitne gjev meg meir realistisk inspirasjon enn kva kvardagslivet gjer. I songen snakkar eg om dette dobbeltlivet, forholdet mellom drøymer og røyndom», fortalde Mengoni i eit intervju med Vanity Fair Italia.[1]
«Due vite» blei gjeven ut for strøyming og nedlasting 8. februar 2023, då han deltok i Sanremo-festivalen, den største musikktevlinga i Italia. I finalen laurdag 11. februar 2023 vann songen tevlinga. Dette var den tredje deltakinga til Mengoni i Sanremo-festivalen, og hans andre siger – den fyrste var med «L'essenziale» i 2013.
Som vinnar av Sanremo-festivalen fekk Mengoni representere Italia i Eurovision Song Contest Liverpool.[2][3][4] Italia var direktekvalifisert til finalen laurdag 13. mai som eit av «dei fem store» landa. I finalen enda låten på fjerdeplass med 350 poeng.[5]
Listeplasseringar
endreListe (2023) | Høgaste plassering |
---|---|
Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[6] | 50 |
Global 200 (Billboard)[7] | 80 |
Hellas (IFPI Greece, internasjonal musikk)[8] | 21 |
Island (Tónlistinn)[9] | 16 |
Italia (FIMI)[10] | 1 |
Kroatia (HRT) | 35 |
Litauen (AGATA)[11] | 14 |
Malta (Radiomonitor)[12] | 20 |
Nederland (Single Tip)[13] | 29 |
San Marino (Radio San Marino RTV)[14] | 1 |
Storbritannia (UK Singles Download)[15] | 40 |
Sveits (Schweizer Hitparade)[16] | 2 |
Sverige (Sverigetopplistan)[17] | 56 |
Tyskland (Singles Downloads)[18] | 13 |
Kjelder
endre- ↑ Nast, Condé (1. februar 2023). «MarcoMengoni: «A Sanremo per divertirmi, senza voglia di vincere»». Vanity Fair Italia (på italiensk). Henta 12. februar 2023.
- ↑ Farren, Neil (12. februar 2023). «Italy: Marco Mengoni to Eurovision 2023». Eurovoix (på engelsk). Henta 12. februar 2023.
- ↑ Argyriou, Giannis (12. februar 2023). «Italy: Marco Mengoni said "Yes" to Eurovision but he doesn't know if he goes with "Due Vite"!». Eurovision News | Music | Fun (på engelsk). Henta 12. februar 2023.
- ↑ Festival di Sanremo (en) (12. februar 2023). «Duringan interview with the TG1, Marco Mengoni said he might change the song he will bring to Eurovision in May!». Twitter (på norsk bokmål). Henta 12. februar 2023.
- ↑ «GrandFinal of Liverpool 2023 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 18. mai 2023.
- ↑ «SingleCharts vom 23. Mai 2023». oe3.ORF.at (på tysk). Ö3 Austria Top40. 22. mai 2023. Henta 23. mai 2023.
- ↑ Cabral, R. J. (15. september 2020). «BillboardGlobal 200». Billboard (på engelsk). Henta 8. mai 2023.
- ↑ «OfficialIFPI Charts Digital Singles Chart (International) Εβδομάδα: 20/2023». www.ifpi.gr. IFPICharts. Arkivert frå originalen 25. mai 2023. Henta 27. mai 2023.
- ↑ «TÓNLISTINN– Streymi, spilun og sala viku 20, 2023» (på islandsk). TónlistinnPlötutíðindi. 13. mai 2023. Arkivert frå originalen 22. mai 2023. Henta 23. mai 2023.
- ↑ «Classificasettimanale WK 6 (dal 03.02.2023 al 09.02.2023)». www.fimi.it (på italiensk). Henta 12. februar 2023.
- ↑ «202320-os savaitės klausomiausi (TOP 100)». Agata (på litauisk). 19. mai 2023. Henta 19. mai 2023.
- ↑ «Malta- RADIO AIRPLAY CHART». radioairplay.fm (på engelsk). Henta 8. mai 2023.
- ↑ «DutchSingle Tip 20/05/2023». dutchcharts.nl. Dutch Charts – dutchcharts.nl. 19. mai 2023. Henta 19. mai 2023.
- ↑ Rtv, San Marino. «Top50 – Radio San Marino RTV». San Marino Rtv (på italiensk). Henta 8. mai 2023.
- ↑ «OfficialSingles Downloads Chart Top 100 | Official Charts Company». www.officialcharts.com (på engelsk). Henta 19. mai 2023.
- ↑ «MarcoMengoni – Due vite». hitparade.ch. Henta 12. februar 2023.
- ↑ «VeckolistaSinglar, vecka 20». Sverigetopplistan (på svensk). 19. mai 2023. Henta 19. mai 2023.
- ↑ «OffizielleDownload Charts Single - Musik Charts». MTVGermany (på tysk). 22. mai 2023. Arkivert frå originalen 22. mai 2023. Henta 23. mai 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Due vite» frå Wikipedia på bokmål, den 5. desember 2023.