Maria Kjos Fonn (fødd 28. mai 1990) er ein norsk forfattar og skribent frå Årvoll i Oslo.[1] Ho debuterte i 2014 med den kritikarroste novellesamlinga Dette har jeg aldri fortalt til noen.[2][3]

Maria Kjos Fonn
Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. mai 1990 (33 år)
Yrke skribent

Bakgrunn endre

Fonn gjekk på Foss vidaregåande skule og deltok i Fossrevyen i 2008 og gjekk òg på Aschehougs forfattarskule 2013–2014. Fonn har studert allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Oslo. Ho har vore publisert i debutantantologien Signal[4] antologien Verbarium, ungdomsantologien Koffein-prosa[5] og jule-antologien I de dager.

Fonn skriv for avisene Klassekampen, Aftenposten og har òg skrive for Universitas og ei rekkje tidsskrift, mellom dei Samtiden, Tidsskrift for Den norske legesamskipnaden og Fett. Novella hennar «Love, Leen» er omsett til tysk i antologien Neue Nordische Novellen.[6]

Forfattarkarriere endre

Fonn debuterte i 2014 med novellesamlinga Dette har jeg aldri fortalt til noen. Ho fekk Aschehougs debutantstipend for 2014, og vart nominert til Tarjei Vesaas' debutantpris i 2015.[7]

Hausten 2018 gav ho ut romanen Kinderwhore.[8] VG gav terningkast fem og skreiv: «Mange har skrevet godt om at det er for jævlig å være ung. Men få har gjort det bedre enn Maria Kjos Fonn».[9] Aftenposten sin melder Ingunn Økland skrev at Fonn løftar arven etter Herbjørg Wassmo.[10]

Ho vart nominert til Brageprisen i 2018, P2-lytternes romanpris 2018, Osloprisen i Natt & Dags kåring av Årets litteratur, Bokbloggerprisen 2018, og vann Ut-Awards 2018 i Trøndelag for årets beste norske roman. Romanen vart òg utgjeven i Danmark og Tyskland.[11]

Hausten 2018 var ho aktuell i to feministiske essaysamlingar: Ulyd på Cappelen (redigert av Hedda Lingaas Fossum) og Det skjer nå på Kagge (redigert av Helena Brodtkorb).

I 2019 mottok ho Tanums kvinnestipend for den samla forfattarskapen sin, og i 2021 mottok ho Mads Wiel Nygaards legat.

Hausten 2020 gav ho ut Heroin chic. Dagens Næringsliv kalla boka «høstens sterkeste leseropplevelse», og Morgonbladet skreiv «Heroin chic er en iskald og potent skildring av rus og avhengighet.»[12] For romanen vart ho nominert til P2-lytternes romanpris og Bokbloggerprisen 2020, og tildelt NATT&Dags Oslopris.[13][14] Romanen er blitt seld til Tyskland og Danmark.[15]

Prisar og utmerkingar endre

Bibliografi endre

  • Novellen «Lappeteppet» i Koffein-prosa – 2006 (Brønderslev forfatterskoles ungdomsantologi)
  • Signaler – 2012. Cappelens debutantantologi (red. Kristin Berget) Novellene «Edel», «Seierskyss» og «Altfor mye, men ikke nok».
  • Dette har jeg aldri fortalt til noen – 2014 (novellesamling), Aschehoug
  • Vebarium – 2015
  • I de dager – 24 julefortellinger – 2016 Verbum forlag
  • Weniger eine Leiche als vielmehr eine Figur - Erzählungen aus dem Ostseeraum. (Matias Friedrich og Slate Kozakova (red.) – 2017. Novellen «Love, Leen.»
  • Kinderwhore – 2018 Aschehoug
  • Ulyd - 2018. Antologi. (red. Hedda Lingaas Fossum) Essayet «Voldtekst».
  • Det skjer nå – 2018 Antologi (red. Helena Brodtkorp) Essayet «Kropp til salgs»
  • Heroin chic – 2020 Aschehoug

Kjelder endre

  1. «Maria Kjos Fonn» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. Dette har jeg aldri fortalt til noen. Arkivert frå originalen 16. november 2017. Henta 8. september 2021. 
  3. Alf van der Hagen (8. april 2020). «Skammens verdighet». Klassekanpen. 
  4. >Margunn Vikingstad (10. august 2012). «Flinke ferskingar». Arkivert frå originalen 19. august 2014. Henta 15. november 2021. 
  5. «Koffein-prosa» (på dansk). Københavns Biblioteker. Arkivert frå originalen 19. august 2014. Henta 18. august 2014. 
  6. «Antologilansering og forfatterpresentasjon i Greifswald». NORLA. 18. februar 2017. Henta 13. januar 2018. 
  7. Kaja Korsvold (28. februar 2015). «En av disse vinner debutantprisen». Aftenposten. 
  8. Kinderwhore. Aschehoug. Arkivert frå originalen 13. januar 2018. Henta 13. januar 2018. 
  9. Trine Saugestad Hatlen (17. august 2018). «Bokanmeldelse: Maria Kjos Fonn: «Kinderwhore»». VG. 
  10. Ingunn Økland (24. august 2018). «Maria Kjos Fonn løfter arven etter Herbjørg Wassmo». Aftenposten. 
  11. «Kinderwhore». Oslo Literary Agency (på engelsk). Henta 28. november 2018. 
  12. Lauritzen, Ellen Sofie (9. oktober 2020). «Maria Kjos Fonn skriver nådeløst om anoreksi, amfetamin og heroin». Dagens Næringsliv. 
  13. Imeland, Vilde Sagstad (9. oktober 2020). «Maria Kjos Fonn med kjærkomment bidrag til den norske ruskanon». Morgenbladet. 
  14. «Osloprisen-vinner Maria Kjos Fonn: – Jeg vil gjerne takke mine tidligere voldtektsmenn». NATT&DAG. 11. februar 2021. 
  15. «Heroin Chic». Oslo Literary Agency (på engelsk). Henta 8. september 2021. 

Bakgrunnsstoff endre