Maria Therese Tviberg
Maria Therese Tviberg (fødd 7. april 1994) er ein norsk alpin skirennar frå Geilo, medlem i Geilo Idrettslag. Ho vann OL-bronse med Noreg i mannskapstevlinga under Vinter-OL 2022.
Maria Therese Tviberg | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 7. april 1994 (30 år) Bergen |
Idrett | alpint |
Tok del i | Junior-VM i alpint 2013, Junior-VM i alpint 2015 |
Tviberg har delteke i verdscupen i alpine greiner sidan 24. januar 2015, utan nokon gong kome på sigerspallen. I 2017 vart ho trippel noregsmeister med di ho då vann slalåm, super-g og utfor under meisterskapen i Narvik. To år seinare sikra ho seg eitt nytt NM-gull ved NM i alpine greiner 2019 i Hemsedal.
Under dei olympiske vinterleikane 2022 i Beijing fekk Tviberg ein bronsemedalje, i spann med Thea Louise Stjernesund, Fabian Solheim og Timon Haugan.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Maria Therese Tviberg» frå Wikipedia på tysk, den 4. mars 2022.