Mariakyrkja på Gran

Mariakyrkja er den miste av dei to systerkyrkjene på Granavollen i Gran kommune i Innlandet fylke. Det er ei langkyrkje av stein. Alderen er ikkje fastslått sikkert, men ein reknar vanlegvis med at ho vart oppført på fyrste halvdel av 1100-talet. Mariakyrkja har truleg vore klosterkyrkje eller soknekyrkje. Etter reformasjonen vart ho truleg relativt lite brukt.

Mariakyrkja
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Kommune Gran
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Hamar
Prosti Hadeland og Land
Sokn Gran/Tingelstad
Fellesråd Gran
Type Langkyrkje
Teknikk Mur
Material Stein
Innvigd Ca. 1100–1150
 - Vigd til Jomfru Maria
 - Endringar Restaurert 1863-64 etter lynnedslag, 1912-15 og 1990-92
Takryttar På skipet
Kyrkjegard Gravmonument over Aasmund Olavson Vinje
Orgel Jürgen Ahrend, 1970 (omb. 2003)
Sitjeplassar 150
Diverse Glasmåleri i korveggen av Veslemøy Nystedt Stoltenberg, 1990–92
Kart
Mariakyrkja på Gran
60°21′59″N 10°31′46″E / 60.36646652°N 10.52948093°E / 60.36646652; 10.52948093
Wikimedia Commons: Mariakirken, Gran

Kyrkja brann etter eit lynnedslag i 1813 og stod som ruin til 1860-talet, då ho vart sett i stand for å vere interimskyrkje medan Nikolaikyrkja vart restaurert. Sidan vart Mariakyrkja restaurert i 1912–13 og igjen i 1990–92.

Diktaren Aasmund Olavson Vinje er gravlagd like vest for kyrkja.

Litteratur endre

  • Ekroll, Øystein, Stige, Morten og Havran, Jiri (2000). Kirkene i Norge, bind 1: Middelalder i stein. Oslo: ARFO. s. 66-71. ISBN 82-91399-09-3. 
  • Bugge, Anders (1932). «Søsterkirkene på Gran». Hadeland: Bygdenes historie I. Oslo: Nationaltrykkeriet. s. 181-206. 
  • Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 581. ISBN 82-7527-022-7. 
  • Sven Rosborn, 2014, Søsterkirkene og Steinhuset på Granavollen : Studier i eldre norsk steinbyggerkunst. [Gran 2014]: Stiftelsen Steinhuset på Gran. ISBN 978-82-999607-0-0

Bakgrunnsstoff endre