Mariar er ei finsk-ugrisk folkegruppe som tradisjonelt har butt langs elvane Volga og Kama i Russland. Flesteparten av dagens mariar bur i republikken Mari El, og ein del bur også i Tatarstan og Basjkortostan.

Mariar

Ein kan dela mariane i tre grupper: engmariar, som bur langs austbreidda av Volga, fjellmariar langs vestbreidda og austmariar i Basjkortostan. Ved folketeljinga i 2010 var det 548 000 menneske som definerte seg sjølve som mariske. 57 % av desse var busett på landsbygda.[1]

Mariane snakkar mariske språk, som kan delast inn i austmari og vestmari; eit skilje som skriv seg frå tidleg sovjetisk språkpolitikk. 388 000 menneske stadfesta i 2010 at dei snakkar mari.[1] I tillegg snakkar mariane russisk, og om lag 42 000 snakkar tatarisk som tredjespråk. Tradisjonelt har folkegruppa hatt sin eigen tradisjonelle religion som framleis blir praktisert i dag i større eller mindre grad. I dag er dei fleste formelt russisk-ortodokse, men ein minoritet er muslimar.

Fotnotar endre

  1. 1,0 1,1 «Vserossijskaja perepis naselenija 2010» Arkivert 2013-03-15 ved Wayback Machine. - Folketeljinga i Russland 2010

Kjelder endre