Marie Elisabeth Michelet (10. mars 18663. april 1951) var ein norsk barnebokforfattar og lærar.

Marie Michelet

Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. mars 1866
Bergen
Død

3. april 1951 (85 år)
Oslo

Yrke skribent, barnebokforfattar
Far Johan Storjohann
Mor Nanna Storjohann
Ektefelle Simon Michelet
Born Nanna Michelet
Marie Michelet på Commons

Familie endre

Michelet var dotter av presten Johan Cordt Harmens Storjohann (1832–1914) og Nanna f. Holmboe (1838–1898; sjå Holmboe-slekta) og vaks delvis opp i London og Tyskland. Faren var prest og den som starta Sjømannsmisjonen, mens mora mest var oppteken av sedskapssaker. Faren var ein steil personlegdom som var sterkt imot dåtidas kvinnerørsle, og Michelet har skildra i sin biografiske artikkel om Nanna Storjohann korleis stivsinnet og pietismen til faren kua mora, som likevel var mykje aktiv innan sosialt arbeid livet gjennom. Blant anna oppretta Nanna Storjohann eit herberge i Kristiania for arbeidssøkjande heimlause kvinner, som fyrst bar namnet «Hjemmet for enligstillede kvinder», men frå 1912 fekk namnet «Nanna Storjohanns Minde».[1][2][3]

Då Michelet gifta seg i 1888 med teologiprofessoren Simon Themstrup Michelet (1863–1942), fekk ho sjølv ein ektemann som delte hennar eige syn på naudsynet av kvinnefrigjering.

Ekteparet fekk fire barn; ein son som døydde tidleg og tre døtrer. Dottera Bolette (Bodhild) Christine gifta seg i 1912 med den tyske presten Theodor Eduard Burkhardt og flytta til Tyskland. Dottera Nanna Michelet blei den fyrste kvinnelege landbrukskandidaten i landet.[4] Ho engasjerte seg i likskap med foreldra i sosialt arbeid, blant anna i faren sin «Studentersettlement». I 1964 fekk Nanna Michelet Kongens fortenestemedalje i gull for dette arbeidet.[5] Den yngste dottera, Julie Michelet, blei i 1925 tilsett ved The Art Institute of Chicago. I 1931 opplyste jubileumsskriftet som blei gjeve ut i høve 50-årsjubileet for studentkullet til Simon Michelet, at Julie då hadde stillinga som «Keeper of Muhammedan Art» ved museet.[6]

Forfattarskap endre

Michelet skreiv fleire barnebøker mens ho sjølv var småbarnsmor. I 1946 gav ho ut ein sjølvbiografi.

Kvinnesak og sosialt arbeid endre

Michelet var også aktiv for å informere om korleis kvinnene skulle ordne i huset, og skreiv og var redaktør for kvinneblad og andre utgjevingar i regi av Hjemmenes Vel, som hadde blitt starta i 1900 av blant andre Ragna Nielsen (1845–1924). Mellom 1902 og 1920 var ho nestleiar i sentralstyret for paraplyorganisasjonen til norske sedskapsforeiningar. Frå 1905 jobba ho som lærarinne ved ein middelskule i Bærum, der ho i 1906 hadde stiftet den fyrste kvinnegruppa i bygda og var fyrste leiar i mange år. Frå 1907 til 1910 var ho i styret for Norske Kvinners Nasjonalråd som Gina Krog hadde fått i gang i 1904, fyrst for å sikre kvinner røysterett. Frå 1915 til 1935 var ho leiar for Hjemmenes Vels Landsforbund, seinare kjend som Norges Husmorforbund.

På det nordiske planet var Michelet leiar for Nordens Husmorforbund i periodane 1920–1924 og 1933–1937. Ei tid var ho også nestleiar for International Council of Women.

Utmerkingar og ærestilvisingar endre

I 1919 blei Michelet tildelt Kongens fortenestemedalje i gull og i 1946 blei ho slått til riddar av fyrste klasse av St. Olavs Orden.[7] Frå Finland mottok ho Det finske Marthaforbunds æresutmerking.

Bibliografi endre

  • 1901: Puk – en fortælling om en liten gut, Aschehoug, Kristiania
  • 1902: Hos mormor – en barnefortælling, Aschehoug, Kristiania
  • 1903: I svalehuset – en skolehistorie for unge piger, Aschehoug, Kristiania
  • 1906: Usynlige magter, Aschehoug, Kristiania
  • 1909: Tuulevaiduudenkylvöä – estelmiä siveelisyyden ja kasvatuksen altala, Porvoo, 1909 (Føredrag heldt i Finland, til finsk ved Ilmi Hallsten)
  • 1914: Det kristne hjem, Luthersk bokmission, Bergen
  • 1918–1922: Smaa fortællinger for barn, to bind, Luthersk bokmission, Kristiania
  • 1924: Moderne vask, Kristiania
  • 1946: Minner og tidsbilleder, Dreyer, Oslo[8]

Kjelder endre

  1. «Arbeidermuseet i Sagveien 28 | Industrimuseum - Norsk museumsnettverk for industrihistorie». industrimuseum.no (på norsk). Henta 23. april 2017. «Fra 1924 til 1940 holdt Nanna Storjohanns Minde til her, et herberge for arbeidssøkende hjemløse kvinner. I lokalene fantes også avholdskafé. Drukkenskap var nemlig en lei uvane blant mange arbeidsfolk, ettersom brennevin stort sett var billigere enn melk!» 
  2. Mørck, Fredrikke (red.); Høgh, Marie (red.); Michelet, Marie (1914). «Nanna Storjohann». Norske kvinder: en oversigt over deres stilling og livsvilkaar i hundredeaaret 1814-1914. Berg & Høgh. s. 55–59. 
  3. «Nanna Storjohann – Norsk biografisk leksikon». Store norske leksikon (på norsk). Henta 23. april 2017. 
  4. Hun gav husmorssaken kvalitetsstempel. 100 år siden Marie Michelet ble født på Familiesiden i Aftenposten den 10. mars 1966.
  5. «Tildelinger av ordener og medaljer - Det norske kongehusets barnesider». www.kongehusetsbarnesider.no (på norsk). Henta 23. april 2017. «01.07.1964 Michelet, Nanna: Settlementsleder Nanna Michelet, er tildelt Kongens Fortjenstmedalje i gull» 
  6. «Michelet, Simon». Studentene fra 1881: fest- og minneskrift ved 50-års studenterjubileet 1931. Nationaltrykkeriet. 1931. s. 85. 
  7. Hanna Mellemsether, Marie Michelet i Store norske leksikon.
  8. Dette skrev kvinner. Skolen. 1984. s. 149-150. ISBN 8257900109. 

Bakgrunnsstoff endre