Nanna Storjohann
Nanna Storjohann (28. august 1838–28. mai 1898) var ei norsk prestekone og sedskapsforkjempar. Ho var ein av føregangsfigurane innanfor sedskapsarbeidet i Kristiania mot slutten av 1800-talet.
Nanna Storjohann | |
Fødenamn | Nanna Holmboe |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 28. august 1838 Bergen |
Død |
28. mai 1898 (59 år) |
Yrke | aktivist |
Far | Hans Holmboe |
Ektefelle | Johan Storjohann |
Liv og virke
endreBakgrunn
endreNanna Storjohann hadde bakgrunn frå ein solid akademisk borgarheim i Bergen med sterke band til leiande samfunnsskikkelsar i samtida, blant anna Bjørnstjerne Bjørnson og Lyder Sagen. Ho engasjerte seg tidleg i arbeidet for vanskelegstilte, og medverka i 1866 til etableringa av barneheimen Anna Jebsens Minde i Bergen.[1]
Sjømannskirken i London
endreSaman med ektemannen flytta Storjohann i 1868 til London, der Johan Storjohann bygde opp den nyetablerte norske Sjømannskyrkja. Der hadde fru Storjohann rolla som vert for dei mange gjestane til misjonen.
Tilbake i Kristiania
endreI 1873 flytta familien tilbake til Noreg og Kristiania, der dei arbeidde med Hauges minde på Grünerløkka som base. I Kristiania engasjerte Storjohann seg i sedskapsarbeidet, og besøkte blant anna kvinner som sat fengsla. Under kampen mot den offentlege prostitusjonen i midten av 1880-åra var ho ei sterk røyst, og ho ble også vald inn i styret i Kristiania sedskapsforeining då ho blei stifta.
Nanna Storjohanns Minde
endreNanna Storjohann skipa kvitebandsheimen Hjemmet for enligstillede kvinner. Denne blei i 1912 vidareført av eldsjela Ólafía Jóhannesdóttir som Nanna Storjohanns Minde i Langgata 36. Frå 1924 til 1940 låg Nanna Storjohanns Minde i Sagveien 28, i bygninga der Arbeidermuseet held til i dag (2020).[2]
Familie
endreNanna Storjohann var dotter av rektor Hans Holmboe (1798–1868) av slekta Holmboe og Welgjerd Endriette Løberg (1805–89). Ho blei gift i Bergen 6. juni 1862 med sjømanns- og fengselspresten Johan Cordt Harmens Storjohann (1832-1914, grunnleggaren av den norske sjømannsmisjonen). Ho var mor til læraren og barnebokforfattaren Marie Michelet (1866–1951) og forfattaren og kvinnesaksforkjemparen Kaja Isaachsen (1873–1954).
Nanna Storjohann er gravlagd på Vår Frelsers gravlund i Oslo.
Kjelder
endre- ↑ Barnehjemmet "Anna Jebsens Minde" i 50 aar - 25.oktober 1866 - 25. oktober 1916. [Barnehjemmet]. 1916.
- ↑ «Arbeidermuseet – Oslo Byleksikon». oslobyleksikon.no. Henta 9. juni 2020. «Museet ligger i den gamle apotekergården på Sagene, ut mot den brosteinslagte plassen med Beierbrua, Vøiens Bomuldsspinderi (Graahs spinneri) og Hjula Væverier på hver side. Huset, som ble bygget i 1869/70 for apoteker Nicolai Lindgaard, er to og en halv etasje, i pusset tegl med midtgesims med medaljonger. Det var apotekergård til ca. 1905 (Falken apotek). Fra ca. 1924 til 1940 var det her «Nanna Storjohanns Minde», et herberge for arbeidssøkende, hjemløse kvinner, drevet av den kvinnelige totalavholdsforeningen Hvitebånds-foreningen. Her var også avholdskafé. Det var en brann i huset i 1943.»
- Norske kvinder. Berg & Høgh. 1914. s. 55 ff.
- Denne artikkelen bygger på «Nanna Storjohann» frå Wikipedia på bokmål, den 10. mars 2024.
Bakgrunnsstoff
endre- Norsk biografisk leksikon: Nanna Storjohann, besøkt 10/3 2023.
- Lokalhistoriewiki.no: slekta Storjohann, besøkt 10/3 2023.