Marija Lasitskene

Marija Aleksandrovna Kutsjina, sidan 2017 gift Lasitskene (fødd 14. januar 1993), er ein russisk høgdehoppar frå Prokhladnyj som dominerte i øvinga i perioden 2015-21. Ho vart då verdsmeister tre gongar og tok EM-gull i 2018 og OL-gull i 2021. I tillegg gjekk ho til topps i høgdehopp i Diamantserien (DL) sesongane 2014, 2015, 2017, 2018, 2019 og 2021.

Marija Lasitskene


Marija Lasitskene i 2017

Statsborgarskap Russland
Fødd 14. januar 1993 (31 år)
Prokhladnyj
Idrett friidrett
Tok del i

athletics at the 2010 Summer Youth Olympics, Sommer-EYOF 2009, EM i friidrett innendørs 2011, Junior-VM i friidrett 2012, VM i friidrett innendørs 2014, EM i friidrett innendørs 2015, VM i friidrett 2015, VM i friidrett 2017, VM i friidrett innandørs 2018, VM i friidrett 2019, Friidrett under Sommar-OL i 2021, athletics at the 2010 Summer Youth Olympics – girls' high jump, Friidrett under Sommer-OL 2020 – Høydehopp kvinner

Utmerkingar

Årets friidrettsutøver i Europa, Fedrelandets fortjenstordens medalje av 2. klasse, æra meister av idrett i Russland, Venskapsordenen

Aktiv endre

Kutsjina vann junior-EM 2011 i Tallinn då ho tok seg over 1,95 m. To år seinare vart ho nummer to i unversiaden i Kazan med 1,96 m, det same som vinnaren Kamila Stepanjuk stoppa på. I mars 2014 delte dei same to utøvarane sigeren under innandørs-VM i polske Sopot, Stepanjuk då under namnet Lićwinko. Dei hadde like mange hopp og riv i tevlinga og stoppa på 2,00 m, same høgda som bronsevinnar Ruth Beitia. Under friidretts-EM Zürich seinare på året enda derimot Kutsjina på andreplass med 1,99 m, medan Beitia smaug seg over 2,01 m og vart europameister. Jamt over var likevel Kutsjina den beste kvinnelege høgdehopparen i 2014 og ho gjekk til topps i Diamantserien med siger i tre av dei sju DL-stemna.

I 2015 vann Kutsjina innandørs-EM og ho enda på andreplass i Diamantserien. Høgdepunktet kom då ho vann VM-tevlinga i Beijing føre kroatiske Blanka Vlašić og med si eiga landskvinne Anna Tsjitsjerova på tredjeplass. Ale tre utøvarane svinga seg over 2,01 meter, avgjerande for gullstriden vart det at Vlašić måtte ha to forsøk på 1,92 m og Tsjitsjerova ikkje tok 2,01 før enn i andre forsøk. Kutsjina fekk ikkje delta i Sommar-OL 2016, ettersom Russlands friidrettsøvarar var utestengde frå leikane.

Nygift som Marija Lasitskene hadde ho stor framgang i 2017-sesongen og sette personleg rekord med 2,06 meter då ho vann eit stemne i Diamantserien i Lausanne den 6. juli. Under verdsmeisterskapen i London forsvarte ho VM-tittelen, med di ho var den einaste som hoppa 2,03 m. Året etter vann ho EM-gull i Berlin og i 2019 VM-gull. I begge desse meisterskapane sigra ho ved å ta vinnarhøgda i forsøket før sølvmedaljevinnarane, som begge hoppa like høgt som Lasistskene gjorde.

Under dei olympiske sommarleikane i Tokyo 2021 tok Lasitskene gullmedaljen med 2,04 meter og eige årsbeste.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre